Åtvarar mot dyrare straum i distrikta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forslaget frå olje- og energiminister Tord Lien (Frp) er til behandling i Stortinget, og energi- og miljøkomiteen skal kome med si innstilling innan fredag.

Lien ønskjer først og fremst å skilje nettselskapa frå straumleverandørane for å sikre billegare nettleige. I dag gjeld dette kravet om eit skilje berre for selskap med meir enn 100.000 kundar, men Lien vil at det no skal gjelde for alle.

– Forslaga vil føre til dyrare straum og dårlegare beredskap, særleg i distrikta, seier Jan Olav Andersen, leiar av El- og IT Forbundet, som er ein del av LO.

Han fryktar forslaget vil gå utover forsyningstryggleiken. Andersen peiker på at eit typisk energiselskap har 10– 20 tilsette og driv med kraftproduksjon, distribusjon og tilleggstenester som veglys eller breiband i eige distrikt.

– Den kombinasjonen gir god tryggleik og rask responstid, fordi selskapa har montørar som er busette i området, og som kjenner straumnettet og terrenget like godt som si eiga bukselomme, seier forbundsleiaren til NTB.

LES OGSÅ:Mindre kraftselskap kan tapa milliardar

Fem milliardar
Andersen viser også til ein fersk rapport laga av Varde Hartmark på oppdrag for Distriktenes Energiforening og KS Bedrift. Han viser at forslaget til regjeringa selskapsmessig og funksjonelt skilje vil koste nesten fem milliardar kroner.

– Lien vil at dei små selskapa skal delast opp, med minst to styre og to direktørar. Resultatet blir nye kontrollrutinar, fakturering selskapa imellom og ekstrarekning som til slutt endar hos straumkundane, seier Andersen.

Sp tok i februar til orde for at Ap, Venstre og KrF må gå saman og avvise lovforslaget.

– Verne mot misbruk
Lien viste i fjor vår til at målet med den nye lova er å sikre at selskap ikkje misbruker ein monopolsituasjon. Kraftnetta er naturlege monopol, påpeiker han.

– Slik er det no, og slik vil det halde fram på vere i framtida. Då er det særleg viktig å verne kundane mot misbruk av monopolsituasjonen. Dette forslaget gjer det vanskelegare å utnytte den situasjonen, seier Lien.

I dag er det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som bestemmer kor mykje eit selskap kan krevje i nettleie. Men summen NVE fell ned på, er avhengig av kostnadane til kvart enkelt selskap. Det betyr at kraftselskap kan presse opp nettleiga ved å lempe kostnadar over på nettverksemda, noko som også fører med seg ein risiko for såkalt kryssubsidiering – det vil seie at kraftselskap subsidierer konkurranseutsett verksemd ved hjelp av nettinntektene. (©NPK)

LES OGSÅ:Kan vera slutten på monstermaster