Faktaboks

Kjelde: «Unlocking the Paradox of Christian Heavy Metal Music”. Eric S. Strother, 2013. University of Kentucky.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Som band har vi alltid flagga at Gud er kul, og ikkje berre kul, men skaparen av alt, forklara Stryper-vokalist Michael Sweet til Audio Ink Radio i 2015.

Bandet hadde nett sleppt sitt nyaste album, Fallen. Det er noko så uvanleg som ein Bibel-studie i heavy metal-format.

Stryper syng ikkje om sex, alkohol og Satan. I staden syng dei om Jesus, frelse og Gud.

MEIR MUSIKK: Dette tyder Super Bowl-opprøret til Beyoncé

Byter ut sex og Satan med frelse og Gud
Stryper er blant banda som deler æra av å ha introdusert ein ny type heavy metal, då dei i 1984 sleppte det kristne metall-albumet The Yellow and Black Attack.

I ei doktorgradsavhandling frå Universitetet i Kentucky, skriv musikkvitar Eric S. Strother at medan mange fans var klare for ei slik endring, var det fleire som ikkje var det. Medlem av kyrkja og i metallmiljøa kunne brått einast om noko – nemleg at kristendom og heavy metal ikkje går hand i hand.

Trass misnøyen, haldt det kristne heavy metal-miljøet fram med å vakse. Også undersjangrar, som black metal sitt lysare motstykke unblack metal, har etter kvart slått rot og vorte sjangrar å rekne med i den kristne musikkindustrien. I heile spekteret av undersjangrar innan metall har desse banda laga musikk med kristne tekstar, som blant anna handlar om Bibelen eller livet som kristen.

Her i Noreg er Antestor og Extor dei mest kjende i sitt slag. 

LES OGSÅ: Men spelelista mi får du aldri…

Misjonærar i metallverda
Strother har undersøkt korleis kristne metall-band kryssar kristendom og heavy metal, og blandar det kristne med tekstlege, visuelle og musikalske element frå sin mørkare opphavsfar.

Musikkvitaren har studert både bandnamn, album, songtitlar, songtekstar, bandlogoar, albumcover, musikkvideoar, sceneshow og musikalske element som skil metall frå andre musikalske sjangrar.

LES OGSÅ: Mennesket er avhengig av rytme

Han skriv at nokre av banda framstår som «metall-misjonærar», som dykker inn i heavy metal-kulturen med mål om å nå fram med den kristne bodskapen om håp og frelse. Ifølgje Strother lukkast fleire av banda med dette sjølvpålagte oppdraget.

Saka held fram under videoen.


Konsertopptak av «In God We Trust» med Stryper, som på 80-talet var det klart største heavy metal-bandet med kristne tekstar. Bandet hadde også mange fans utanfor tradisjonelle kristne miljø, og ein periode var videoen deira den mest etterspurde på MTV.

Forskaren skriv at sjølv om dei kristne metall-banda endrar på element ved metall-kulturen som ikkje går overeins med eit kristent verdisyn, så klarar mange av dei likevel å ivareta ein stilistisk integritet. Denne intergriteten gir kred i metall-subkulturen og lar metallmisjonærane fullføre sitt oppdrag, skriv Strother.

Spissformulet dumskap
Stryper-vokalist Sweet vil i alle fall ikkje ha på seg at det er sjølvmotseiande å kombinere kristendom og heavy metal.

– Folk seier det er eit oksymoron å mikse metall med kristne tekstar. Vi prøver å øydeleggje denne mentaliteten, fordi det rett og slett ikkje er sant. Eg føler at Gud skapte alt, inkludert musikk. Difor lagar det soleklår meining for meg å blande dei to. Folk har fått det for seg at metall handlar om djevelen. Det er latterleg, sa Sweet til Audio Ink Radio.

LES OGSÅ: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE