Kripos uroa for debattklimaet på nett
Politiet får inn fleire tips etter at dei har auka innsatsen på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kripos uroa for nettdebatten
– Ytringsfridomen i Noreg er vid, så det skal mykje til for at ei ytring er straffbar, men dette er det politiets jobb å vurdera, skriv presseansvarleg i Kripos Ida Dahl Nilssen i ein e-post til Framtida.
I dag fortel bloggar og samfunnsdebattant Linn Winsnes Rosenborg om hetsen ho får på nett. I likheit med Kripos oppmodar ho alle om å melde ifrå om dei oppdagar straffbare forhold på nett.
LES OGSÅ: Politiet uroa for nettmobbing
Politiet har den siste tida auka sin innsats på nett. I fjor haust kom Facebook-gruppa «Politiets nettpatrulje- Kripos», som jobbar førebyggande. Dei deler informasjon om kva som er lov og ikkje lov på internett og går i aktiv dialog med andre brukarar om desse grensene.
I fjor fekk Kripos inn 165 tips om rasistiske ytringar på nett. Så langt i år har dei fått inn 80 tips i same kategori.
Slike ytringar kjem inn under straffelovas § 185 og kan straffast med bot eller fengsel i inntil tre år.
Kripos gjer innleiande undersøkingar for å finne ut om ytringa er straffbar, før dei eventuelt sender det vidare til politidistrikta.
LES OGSÅ: Nettplaging kan vera kriminelt
Smaklaust, men lovleg
Kripos har ikkje tal på kor mange som vert straffa, sidan det er lokalt politi som handhevar sakene.
– Det er nok ofte slik at både smaklause og støytande ytringar, likevel er fullt ut lovlege å kome med. Politiet må halde seg til det lovgjevarane har definert som straffbart, understrekar Nilssen.
Ho fortel at den auka nettinnsatsen har ført til at fleire tipsar om hatefulle ytringar på nett.
– Av det me får inn gjennom tipstenesta tips.kripos.no ser me at det i nokre periodar er ein ganske hissig og sint stemning i forskjellige fora på nettet. Me ser med uro på korleis dette debattklimaet forsterkar seg sjølv, og potensielt bidreg til både straffbare ytringar, trugslar og i siste instans òg valdelige handlingar, avsluttar Nilssen.
LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lese
Faktaboks
§ 135 a. Den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring, straffes med bøter eller fengsel inntil 3 år. Som ytring regnes også bruk av symboler. Medvirkning straffes på samme måte.
Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse, religion eller livssyn, homofile legning, leveform eller orientering, eller nedsatte funksjonsevne.
§ 185. Hatefulle ytringer
Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler. Den som i andres nærvær forsettlig eller grovt uaktsomt fremsetter en slik ytring overfor en som rammes av denne, jf. annet ledd, straffes med bot eller fengsel inntil 1 år.
Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse, religion eller livssyn, homofile orientering, eller nedsatte funksjonsevne.
Kjelde: Lovdata
Her finn du Kripos si tips-side for rasistiske ytringar på nett