– Løpet er ikkje køyrt sjølv om du gjer det dårleg på skulen, seier Markus Torgeby.

 Det kanske låter konstigt, seier Markus Torgeby.

Det svenske løpetalentet var berre 21 år då han flytta ut i dei svenske skogane og vart der i nær fem år. For  det svenske folk vart han kjend som «løparen» i dokumentaren med same namn.

No, over ti år etter, kjem sjølvbiografien Løparens hjerte på norsk. Løparen sjølv vil at vi skal ta oss tid til å vere rastlause.

Les også debattant Astrid Underlid sine tankar om prestasjonssamfunnet: Kva skal det bli av meg?

Måtte finne sin retning
Mor til Markus fekk diagnosen Multippel sklerose (MS) då ho var 28 år. Markus og dei tre søskena hans gjorde sitt beste for å stille opp for henne.

LES OGSÅ: Det trivelege marerittet

På skulen gjekk det dårleg, men Markus hadde eit talent for å springe. Å legge bak seg kilometer etter kilometer i joggesko var det einaste som fungerte for tenåringen. Det var så enkelt med hjartet som slo og beina som gjekk. Men då talentet hans vart oppdaga og Markus byrja å konkurrere, auka snart presset også her. Den unge løparen kjende seg meir og meir stressa, det låste seg for han, han klarde ikkje å springe løp. Til sist kollapsa foten hans, og då trenaren likevel ville presse Markus til å springe, sa han «stopp».

 Eg kunne ikkje spørje nokon kva eg skulle med livet mitt. Eg måtte finne ut av det sjølv. Og for å klare det ville eg setje meg i ein situasjon utan andre menneske, utan TV og radio. Eg tenkte at om eg skrellavekk alt det andre, då burde etter kvart det som er megkome fram.

Det skulle ta si tid.

Rastlaus i skogen
Markus flytta ut i skogen og vart der i nesten fem år. Innimellom kunne det gå over to månadar utan at han prata med eit anna menneske.

 I byrjinga vart eg veldig rastlaus, og i eit par månadar var eg berre i denne rastløysa, fortel Markus på telefon frå Sverige.

 Så slapp den. Det var frigjerande. Etter det var eg berre nøgd. Eg gjorde ikkje noko spesielt, berre var. Livet opna seg på ein måte. Det var noko som var langt vekke frå prestasjon.

Han samanliknar seg med mor si. Ho, som var bunden til heimen på grunn av sjukdomen og ikkje kunne gjere noko fysisk, sat ofte og lytta til andre menneske som ringde henne med sine problem. Det hjalp dei som ringte.

 Det var noko med henne som var bortanfor det å prestere. Eg lurte på korleis eg kunne nå dit.

Saka held fram under videoen.

Denne dokumentarfilmen vart laga om Markus då han budde i skogen. wwww.helionfilm.se

Vad är det antligen, liksom?
Målet til Markus var å bryte ned livet til det mest basale, for å finne ut kva som var viktig for han.

Vad är det antligen livet handlar om, liksom?

Det var naudsynt for den då 21 år gamle mannen å finne sin retning, og det trur han mange kan kjenne seg att i.

 I Sverige og i Noreg har vi så mange valmoglegheiter. Vi er heldige, vi kan forsøke å få greie på kva vi vil med liva våre. Når du veit det, då renn energien din dit. Men om du føler at du må gjere mange ulike greier utan at du forstår kvifor, då renn det i alle retningar, seier forfattaren, som trur litt retning kan ta vekk mykje av stresset mange kjenner på i liva sine.

Markus har til dømes tru på å følgje årstidene. Omfamne dei lange mørke periodane. Ta seg tid til tankane om vintaren, roe ned, kvile ut, samle energi. Prestere med lyset.

 Det er ein rytme vi kan velje å følgje, seier han.

LES OGSÅ: Prestasjonspress er eit større problem enn mobbing

Å leve som ein vil
Av åra i skogen lærte Markus at det tek tid å finne sin retning. Han trur det er vanskeleg om ein heile tida lever oppkopla, med masse inntrykk.

 Eg trur vi må gi oss sjølve tid i overflod, så vi kan kjenne og sjå kva som er viktigast for oss. Det er lenge sidan eg budde i skogen no, men eg er framleis god på å prioritere det eg fann i den perioden. Eg tek meg tid med borna, til meg sjølv, til å bade og symje under vatn.

Han fortel at han jobbar lite, og prioriterer tid framføre pengar.

 Det er alltid nokon som vil tene pengar på deg, og om du heile tida lever etter det, så let du andre tenke for deg, seier han.

Godt å kjenne kontrastar
I dag er Markus 40 år og far til tre jenter. Han snikrar hus, held føredrag og har nyleg gjeve ut bok. Ein av bodskapane hans er verdien av konstrastar.

 Vi er lurt. Vi trur eit godt liv er å ha mykje, men det er tvert om. Om du er svolten, smakar maten godt. Eg trur på mindre, å lære seg å avstå litt. Når du frys og kjenner varmen – det er godt, liksom. Å kjenne kontrastane er godt, eg jobbar gjerne mot det. Utan ein retning vert det for mange avgjersler å ta.

LES OGSÅ: Villmarksjenta flyttar ut

Markus seier han «undrar varfor» når han ser foreldre som stressar borna sine. Han trur at alle menneske vil lage det bra for seg sjølv om dei berre får høve, og at om ein byggjer menneske med glede og ikkje med tvang, så vil dei gjere nettopp det.

 Unge menneske må få vere litt forvirra. Det er ikkje farleg om ein bruker tre år ekstra for å finne ut kva ein vil, seier han.

 Til dømes jentene mine – dei vil at det skal bli bra for dei sjølve, og det gir inga meining å skunde på dei. Eg stiller dei spørsmål, men dei får klare seg sjølve, seier han.

Markus trur ikkje han har alle svara. Han trur folk er interessert i historia hans fordi dei kjenner seg att.

  Eg trur nesten alle har hatt periodar der dei er stressa, utbrende, nesten ikkje får sove. Det er så menneskeleg, vi går alle og grunnar på kva som fungerer for oss. Då eg var 17-18 år var alt kaos. Det trur eg mange kjenner seg att i. Men om vi gir det tid så løyser det seg. Når du finn di greie så vil du få himla mykje energi. Då er det som det skal vere, seier han.

Samfunnsøkonomien kan segle sin eigen sjø
Markus vil gjerne inspirere andre til å stogge og ta si tid. Ein må ikkje la andre tenkje for seg, meiner han.

  Reint samfunnsøkonomisk skulle eg helst ha jobba veldig hardt til eg vart 45 og deretter dødd av hjarteinfarkt, utan nokon gong ha vore på sjukehus. Men det er ikkje slik vi menneske skal leve våre liv.

Han lovar gull og grøne skogar når du berre finn din veg. Kvar morgon ser han kona sykle i veg til jobben som designar hos Volvo. Sjølv spring han seg ein tur, og nett no – snikrar hus. Å stå opp klokka sju kvar morgon er det som ville ha stressa han.

  Eg har tenkt at om eg viser fram mine problem, så kan det hjelpe nokon andre. Skulen er ikkje heile verda, til dømes. Eg har alltid kjent det slik at skulen ikkje spelar noko rolle. Eg skal ikkje bli lege, eg skal springe i skogen. Det beste er jo kanskje om skulen fungerer, men løpet er ikkje kjørt om den ikkje gjer det.

  Ta litt fri og kjenn etter. Du er som du er, kör nu.

LES OGSÅ: Forfattaren Sally Gardner lærte å lese som 14-åring

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE