Artisten Boine med støtte til aksjonistane

Artisten Mari Boine og veteranar frå miljørørsla har starta underskriftskampanje for å støtte aksjonistane som lenkja seg ved Førdefjorden.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boine ut for aksjonistane

Bak underskriftskampanjen står den samiske artisten Mari Boine, saman med Per Flatberg og Kjel M. Derås, som begge har lang fartstid i miljørørsla, og deltok i aksjonane for Alta-vassdraget i 1981.

Nordic Mining annonserte tidlegare i februar at dei ville saksøke aksjonistane.

– Vi vil krevje økonomisk erstatning. Dette (aksjonane, journ. merkn.) har pågått over veldig lang tid, og gått frå det som kunne vore ei enkel markering til noko som har kosta oss betydelege beløp, sa direktør Ivar Fossum til Nrk.no.

Aksjonistane har allereie fått kring 800. 000 kroner i bøter for aksjonane, som varte i tre veker og no har stoppa.

Nordic Mining har førebels ikkje gjort alvor av truslane om å saksøkja aktivistane. Boringa er rundt to veker forseinka på grunn av aksjonane, opplyser Fossum til NTB.

LES OGSÅ: Aksjonistane tek pause frå Engebøfjellet

– Vi har fått store og urettmessige tap som følgje av ulovlege aksjonar, så utgangspunktet vårt er at vi ønskjer å få kompensert og erstatta desse tapa. For mange verkar det kanskje ikkje som så mykje pengar, men for eit lite selskap som gjer lovlege undersøkingar, er det store summar, seier han.

I underskriftskampanjen skriv Boine, Derås og Flatberg at dei fredelege aksjonane var siste utveg.

– I årevis har aksjonistane gått på offentlege møte, signert opprop, skrive høyringssvar, lese vitskaplege rapportar, sendt klagar, organisert protestar og møtt dei folkevalde. Det er heilt urettferdig at Nordic Mining no vil saksøke desse peronane, heiter det i grunngjevinga.

– Demokratiet vi har i dag kom ikkje til ved eit uhell. Dei var kjempa for. Sivil ulydigheit har spelt ei viktig rolle i denne evolusjonen. Det er ein tryggleiksventil for å vårt demokratiske system, for å avsløre illegitime avgjersler. Vi fryktar ei framtid der bedriftsinteresser og trugslar om søksmål kan diktere framtida for våre demokrati, skriv Boine, Derås og Flatberg.  

LES OGSÅ: Nordic Mining ventar med søksmål