Aksjonistane tar pause frå Engebøfjellet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har fått nesten 900.000 i bøter

Frå 1. februar til 21. februar var det sivilt ulydige aksjonar på Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Aksjonistane hindra arbeidet til gruveselskapet Nordic Mining. Gruveselskapet har fått løyve til å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet, og dumpe avfallsmassane i Førdefjorden. 5 millionar tonn gruveavfall skal dumpast kvart år i 50 år. Aksjonistane aksjonerte mot prøveboringar på fjellet, første steg mot at gruva blir bygd, og eit tiltak for å skaffe finansiering av prosjektet.

Over 100 personar har vore med og aksjonert, og over 80 har blitt arrestert og bøtelagt. Aksjonen er dermed den lengste sivilt ulydige aksjonen for miljøet, med arrestasjonar, sidan aksjonane mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget hausten 1981. Samla bøtenivå ligg nærmare 900.000 kroner. Dei fleste aksjonistane har ikkje godtatt bøtene, og vil ta det til retten.

DEBATT:«Noreg, ikkje kast miljøkrava på havet»

– Aksjonane er over for denne gong, men dette er berre byrjinga. Miljøorganisasjonar og andre vil fortsetje å jobbe mot dumpinga framover, skriv 1. nestleiar Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Her blir partileiarane arrestert av politiet