mm

I natt gjekk den 88. Oscar-utdelinga av stabelen i Los Angeles, California.

Her kan du sjå oversikta over alle årets vinnarar.

Forventningane var ekstra høge til Leonardo DiCaprio, som var Oscar-nominert for beste mannlege hovudrolle i storfilmen «The Revenant», som tilsaman var nominert i heile tolv kategoriar.

DiCaprio har vore Oscar-nominert for sine skodespelarprestasjonar fire gongar tidlegare, men har aldri teke med seg statuetten heim.

Dei tidlegare nominasjonane fekk han for si birolle i «What’s Eating Gilbergt Grape» (1994) og hovudrollene i «The Aviator» (2005), «Blood Diamond» (2007) og «The Wolf of Wall Street» (2014).

I tillegg var DiCaprio produsent på «The Wolf of Wall Street», som vart nominert til beste film. 

LES OGSÅ: Leonardo DiCaprio vil laga vikingfilm

Klima-Leonardo
Superstjerna har i fleire år markert seg som ein ihuga klimaforkjempar, mellom anna gjennom Leonardo DiCaprio Foundation. Det var difor inga overrasking at han valte å setja fokus på saka i takketalen:

– Klimaendringane er ekte. Det skjer akkurat no. Det er den viktigaste trusselen vår art står ovanfor. Me må jobba saman og slutta å prokastinera. Me må støtta leiarar verda over, som ikkje snakkar for dei store selskapa, som forureinar, men som snakkar for menneskeheita, for urbefolkningane, for dei milliardar på milliardar av underpriviligerte folka som vert mest påverka av dette og for våre barns barn.

I talen peikar skodespelaren på at 2015 var det varmaste året i historia, noko som påverka filminnspelinga. Regissør Alejandro González Iñárritu, hovudrolleinnehavar DiCaprio og resten av filmcrewet måtte nemleg reise heilt sør i Argentina for å finna snø.

– La oss ikkje ta denne planeten for gitt, eg tek ikkje i kveld for gitt, seier DiCaprio avslutningsvis i takketalen.

Oscar-arrangørane ville i år ha meir innhald i takketalane, noko DiCaprio leverte:

Twitter-engasjement
Då DiCaprio endeleg fekk prisen utløyste det eit skred av meldingar på Twitter. Med 440.000 Twitter-meldingar i minuttet er dette den mest tvitra Oscar-augeblinken i historia, ifølgje Entertainment Weekly.

Mange hylla både DiCaprio og talen under emneknaggen #climatechangeisreal.

Då Framtida.no vitja Paris under klimatoppmøtet i desember møtte me den norske modellen Enok Groven, som drøymde om eit klimasamarbeid med Leonardo DiCaprio. Les intervjuet med eldsjela her.

Norske Kristoffer Joner hadde ei lita birolle i Hollywood-filmen, som vann Oscar for beste mannlege hovudrolle, beste regissør og beste kinematografi. Sjå trailer her: 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE