– Eg har ikkje sove på eit døgn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag til onsdag denne veka har flatsalen på kulturhuset vore fullsett av dataglad ungdom. Usosialt? Nei, det motsette.

– Det høyrest kanskje ikkje så sosialt ut å sitje framføre ein skjerm heile dagen, men ein ting er å sitje å spele på guterommet aleine, ein annan ting er det å spele i eit rom med 130 andre, seier Tarald Johansen, deleigar i AresLan som stod bak LAN-treffet. For det handlar om meir enn berre dataspel. Ungdomane spelar mot kvarandre, har konkurransar, utvekslar erfaringar, et mat saman og pratar saman

– Det er kjekt! stadfestar Alexander Hatlemark Berge (15) frå Ørsta. Han er midt inne i spelet Counter Strike.

– Eg vann tidlegare i dag, fortel han, og gir seg tid til å sleppe auga frå skjermen for ei lita stund.

– Eg har ikkje sove på eit døgn, men det gjer meg ingenting. Litt må dei altså ofre for å oppnå gode resultat.

LES OGSÅ: Dataspel gjer ungdom betre i engelsk

Fullt hus

Deltakarane er mellom 13 og 18 år, og Tarald Johansen fortel at det ikkje var noko problem å selje ut alle dei 130 plassane.

– Det gjekk overraskande lett. Vi gjorde dette litt spontant, og hadde dårleg tid på å få alt i stand, så vi var redde for at folk ikkje ville få det med seg, eller at dei hadde lagt andre planar for vinterferien, men her vart fullt på kort tid, seier han.

Det var i all hovudsak gutar som hadde funne vegen til kulturhuset desse dagane.

– Det er mest ein gutehobby. Det viser seg det. Det går mykje i actionspel og skyting, men her er nokre jenter også.

Sigrid Koppe er ei av dei. Eigentleg jobbar ho i kiosken desse dagane, men ho har snike seg til å få låne maskina til Gard Rekkedal, berre for å få prøve litt. Kanskje vert ho også biten av basillen.

– Alle som er her er datafrelste, seier Tarald Johansen.

Han fortel at dei allereie har booka flatsalen til haustferien for å kunne gjenta suksessen.

– Det er jo tydeleg at dette er noko ørstingane vil ha. Det er kjekt. Data kan verke nerdete, men det sosiale spelar ei stor rolle for dei som er med!

LES SAKA I MØRE-NYTT!