Unge menn dårlegast til å takle skilsmisse
Samlivsbrot rammar unge menn hardast, ifølgje helseundersøking i Nord-Trøndelag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Menn slit mest i skilsmisse
Menn må bli flinkare til å ta vare på gode nettverk, seier Bjørn Frengstad ved Senter for rådgiving etter samlivsbrot i Trondheim til Adressa.no.
LES OGSÅ: Slit du med kjærleiken? Les ei bok!
Han trur menn slit meir med tankar og kjensler etter samlivsbrot, fordi dei helst vil handtere sorga på eiga hand.
– Analysane av data frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag viser at skilsmisser rammar unge menn hardast. Dette kan tolkast til å støtte dei som hevdar at ekteskap er meir fordelaktig for menn enn for kvinner. Det kan også hende det berre speglar at menn opplever å bli ståande meir aleine når dei ikkje er i eit parforhold, seier han.
Funna er gjort av forskarane Siri Næss, Morten Blekesaune og Niklas Jakobsson, opplyser Adressa. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i fjor blei gjort 9.306 skilsmisser.
LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg