Torvund-dikt i nytt opplag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje ofte diktbøker kjem i nye opplag. Aschehoug vil no trykka eit nytt opplag av den siste diktsamlinga til Helge Torvund, Alt brenner. Det vil seia at det same skjer med denne som med Alabama frå 2011.

– Det er storarta og veldig hyggeleg at boka sel godt, seier forfattaren sjølv til Framtida.no.

– Det er små opplag, og ikkje snakk om nokon besteljar, men det er jo hyggeleg likevel når salet er høgare enn forventningane, skundar han å leggja til.

Helge Torvund er kjent for mange som aktiv på nett og særleg på Twitter. Han har òg lansert ei eiga nettside i samanhengen med lanseringa av denne boka, noko han trur kan ha hjelpt på salet.

Men først og fremst håpar han at det er kvaliteten som sel.

LES OGSÅ: 200 sider kjærleiksdikt

Boka fekk 6-ar i Stavanger Aftenblad og 5-ar i Dagbladet. Klassekampen skriv at «han skriv seg inn i dei folkekjære poetane sine rekker».

– Tilbakemeldingane frå lesarane er av ein slik karakter at eg blir både glad og rørt, fortel Torvund.

1. mars les han dikt på Månefisken i Oslo, og dagen etter signerer han bøker på Litteraturhuset.

Meld deg på nyhendebrevet vårt med siste boknytt ein gong i veka!