Også her får 16-åringar røyste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les saka i Vigga!

13. juni skal det vere rådgjevande folkeavstemming om kommunereforma. Når innbyggjarane i Lesja og Dovre går til urnene, får også 16- og 17-åringane vere med.

LES OGSÅ: Også Volda let 16-åringane stemme

Kommunestyra i dei to kommunane gjorde likelydande, einstemmige vedtak om folkeavstemminga onsdag kveld. Alle som er fødd før 1. januar 2001 får stemme i juni.

Også i Ørsta kommune får 16-åringane røyste om kommunereforma, men administrasjonen har streka under at intensjonen ikkje skal verte norma for seinare lokalval.

Folkeavstemminga er ikkje forpliktande. Etter kommunelova kan ikkje eit kommunestyre fråskrive seg rettsleg og politisk ansvar for avgjerslene som vert teke.

LES OGSÅ: Frank Aarebrot vil gje stemmerett til 16-åringar