Skuldar Sanner for tvangssamanslåing
Seks av ti norske ordførarar har skrive under på eit opprop.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skulda for tvangssamanslåing
I oppropet skuldar dei kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) for å tvinge norske kommunar til å slå seg saman.
– Eg skulle ønske at regjeringa hadde vore tydeleg på at kommunereforma ikkje er ei frivillig reform, seier ordføraren i Sande kommune i Vestfold, Elin Gran Weggesrud (Ap), til NRK.
Sjølv om kommunen sa nei til å slå seg saman med nabokommunen, fryktar Weggesrud at dei blir tvungne til det av økonomiske årsaker.
Årsaka er forslaget til nytt inntektssystem som er ute på høyring. 260 av dei 428 ordførarane i landet har skrive under eit opprop mot dette forslaget.
Vil gjere samanslåing lønsamt
I dag får kvar kommune eit basistilskot på litt meir enn 13,2 millionar kroner. Regjeringa foreslår å droppe fullt tilskot til alle og heller berekne basistilskot ut frå befolkningstettleik. Det betyr at dei største kommunane med flest folk får mest pengar.
Jan Tore Sanner meiner inntektssystemet i dag «frys fast» den gamle kommunestrukturen.
– Problemet med inntektssystemet i dag er at det straffar kommunar som ønsker å slå seg saman. Og når det er brei semje på Stortinget om at vi treng sterkare velferdskommunar for framtida, så må også inntektssystemet gjere det meir lønnsamt å gå saman, seier Sanner til NRK.
«Utpressing»
Senterpartiets Anne Beathe Tvinnereim meiner kommunalministeren brukar pisk mot kommunane.
– Eg vil gå så langt som å seie at delar av dette inntektssystemet er rein utpressing av kommunar som ønsker å ha ein god og demokratisk forankra prosess for sine eventuelle samanslutningar, seier Tvinnereim.
Også SVs Karin Andersen reagerer.
– Regjeringa driv med pengeutpressing for meir sentralisering, seier ho til NTB.
– Kommunane må seie nei, og det på ein så sterk måte at det blir forstått, seier Andersen. (©NPK)