Gruveprotest førte ikkje fram
Kongen i statsråd har avvist klagene frå fleire organisasjonar på løyvet som Nordic Mining har fått til å drive gruveverksemd i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Miljøverknadene av gruveverksemda er grundig undersøkte og vert vurderte som miljømessig akseptable, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).
Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Norske Lakseelver klaga på vedtaket om å gi løyve til lage eit sjødeponi i Førdefjorden.
Klagene blei ikkje tatt til følgje i statsråd fredag, med unntak av ei mindre endring i vilkåra for løyvet, for å auke kunnskapen om tidspunktet for utvandringa til laksesmolten.
Det planlagte mineralprosjektet omhandlar utvinning av rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune. Med eit uttak på 6– 10 millionar tonn malm årleg, vil førekomsten vare i opptil 50 år.
Gruveverksemda vil gi store mengder avgangsmassar, som i hovudsak er planlagt deponerte i ytre del av Førdefjorden. (©NPK)