SSB: Fleire menn i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkemengda i Noreg auka med 48.200 personar til 5.214.000 ved siste årsskifte.

Det var 36.200 fleire menn enn kvinner. Skiftet frå kvinneoverskot til mannsoverskot blei første gong registrert 1. januar 2011, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

Flest polakkar
Det er særleg arbeidsinnvandringa frå utlandet som er grunnen til det veksande mannsoverskotet, men også at dødstala har gått meir ned for menn enn for kvinner.

Vel 538.000 av dei busette ved årsskiftet var utanlandske statsborgarar. Dei stod for rundt 10 prosent av folketalet. Blant dei var det eit mannsoverskot på 49.200.

Det er framleis polakkane som utgjer den største gruppa utanlandske statsborgarar, og gruppa tel 99.600 personar. Dei andre større gruppene med utanlandske statsborgarar ved årsskiftet var svenske og litauiske med høvesvis 45.100 og 41.700 personar.

Menn utgjorde 65 prosent, eller nær 65.000 av polakkane, mens kjønnsfordelinga er jamnare blant svenskane, der kvinnene utgjer 48 prosent.

LES OGSÅ: Her er kvinnene i fleirtal

Oslo og Akershus aukar mest
Auken i folketalet er 8.600 lågare enn i 2014. Folketalet voks i alle fylka. Veksten var størst i Oslo og Akershus, med ein samla tilvekst på 20.300. I Akershus var veksten høgare enn i 2014, og i Oslo var veksten 2.500 lågare enn i 2014. (©NPK)