No kan du sikra deg Lennon-hår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To dagar før auksjonen, var det høgste bodet på vel 150.000 kroner.

Håret stammar frå eit frisørbesøk i samband med innspelinga av filmen «How I won the war» i 1966. Den avlidne Beatles-stjerna måtte ha kort hår for å passe inn i rolla som soldaten Gripweed under andre verdskrigen.

Håret er berre ein av mange Beatles-suvenirar som blir lagt ut for sal, mellom dei ei rad signerte fotografi, LP-ar og plakatar og handskrivne brev. (©NPK)

TEST DEG SJØLV: Kor mykje kan du om The Beatles?