«Ein kan alltid stille spørsmål ved objektiviteten i dokumentarfilmane»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dokumentaren sann?

Dokumentarfilmen er ein sjanger som kan gje oss innblikk i nokon andre sitt liv eller situasjon.  Ein film kan òg vere med på å sette viktige samfunnsproblem på dagsorden.

Dokumentarfilmen er ein av dei sjangrane som kanskje skil seg mest ut frå resten av filmsjangrane, mykje fordi dokumentarfilmen tek føre seg røynda. 

Det eg personleg likar best med dokumentarfilmar, er at dei ofte viser liva til ulike menneske. Ein får eit innblikk i korleis livet til ein person har vore eller er. Dette gjelder sjølvsagt når det er snakk om fiksjonsfilmar òg, men i dokumentarfilmane får ein ofte innblikk i liva til verkelege personar, som anten har levd før eller lev samstundes som deg sjølv.

Det å kunne setje seg i ein annan person sitt synspunkt via film, kan vere med på å gi sjåaren betre evne for sympati. Ein kan lettare forstå korleis ein annan person opplev ulike situasjonar og val.   

Søsken til evig tid er ein dokumentarfilm som har teke nordmenn med storm. Filmen tek føre seg to sysken som bur og driv ein liten gard i Sogn og Fjordane.

Filmen vart så populært at den fekk ein oppfølgjar; Søsken til evig tid: Amerikareisa, som viser turen dei to syskena hadde til Amerika, for å besøke slektningane sine. Denne filmen har kanskje ikkje ein heilt tydeleg og klar bodskap som ein ofte finn i filmar, men den er med på å vise dei store kontrastane mellom Noreg og Amerika.

Dokumentarfilmen er ein fin sjanger til å vise korleis røynda, verda og menneska er. Det er også ein god plattform til å ta opp samfunnsdebatt.

LES OGSÅ: Knallopning for «Amerikareisa»

Margreth Olin er eit svært kjent namn innan dokumentarfilmen. Olin er mest kjent for å ta opp tabu-belagt tema eller samfunnsdiskusjonar i filmane sine.

I 2012 kom Olin med filmen De Andre som handlar om asylpolitikken i Noreg. Denne filmen var med på å setje fokus på flyktningar som vart sendt ut av Noreg då dei fylde 18 år.

No er Margreth Olin aktuell med dokumentarfilmen Mannen fra Snåsa, som handlar om Joralf Gjerstad, betre kjent som «Snåsamannen». I denne filmen har Olin vendt ryggen til dei alvorlige og problematiske temaa tidligare filmar har omhandla, og sett fokus på håpet og omsorg. 

LES OGSÅ: Margreth Olin: – Vil løfte fram stemmer som ikkje blir høyrde 

Sjølv om dokumentarfilm tek utgangspunkt i røynda og fakta, er ikkje alltid røynda slik som ho blir framstilt i filmen. Ein kan alltid stille spørsmål ved objektiviteten i dokumentarfilmane, for ein film vil alltid bli subjektiv. Dette er fordi det alltid er nokon som vel ut kva som skal visast på skjermen og korleis det skal framstillast. Dette er vidare med på å gi sjåaren ein type oppfatning av ein person, ein situasjon eller eit problem.