Vurderer å saksøke Førdefjord-aksjonistane
Det er «ikkje unaturleg» for selskapet Nordic Mining å vurdere søksmål mot Engebø-aksjonistane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vurderer å saksøke aksjonistane
Sidan selskapet tok til med prøveboringar i Engebøfjellet ved Førdefjorden i byrjinga av februar, har motstandarar av prosjektet aksjonert på staden, fortel NRK.no. Aksjonistane har skapt forseinkingar i arbeidet, og ifølgje Nordic Mining påført selskapet betydelege tilleggskostnader.
LES OGSÅ: FpU-leiaren ut mot aksjonistane: «Naturhippiane vil heller at barn i Afrika skal utvinne mineral»
Les svaret frå aksjonistane: «Noreg, ikkje kast miljøkrava på havet»
Fram til før helga hadde aksjonistane samla fått rundt ein halv million kroner i bøter. Administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining seier søksmål kan bli aktuelt.
– Det er ikkje unaturleg at det skjer, men vi har ikkje fatta noko vedtak enno. Det kan bli både enkeltindivid og organisasjonar, seier Fossum til NRK.no.