(NPK-Margunn Sundfjord):
(NPK-Margunn Sundfjord):

Leiaren for 4H i Sogn og Fjordane uttalte nyleg til Nynorsk pressekontor at han er kritisk til utviklinga med auka bruka av prosjektmidlar. Dette er ei uro Seland i paraplyorganisasjonen for norske barne- og ungdomsorganisasjonar deler.

– Inntrykket er at det er her skoen trykkjer, seier Seland. Han fortel at mange av dei 97 medlemsorganisasjonane i LNU er frustrerte over mangel på frie midlar og den aukande trenden med prosjektstøtteordningar.

– Det betyr at dei må bruka mykje tid på søknader og rapporteringar, noko som går ut over kjerneverksemda til organisasjonane.

LES OGSÅ: LNU: – Forsøket med stemmerett for 16-åringar bør utvidast

Vekst i medlemmer, ikkje i støtte
Seland stiller seg undrande til utviklinga. Han peikar på at norske barne- og ungdomsorganisasjonar har hatt ein jamn vekst sidan byrjing av 2000-talet, men at dette ikkje har blitt følgt opp med ein auke i frie midlar.

– På ti år har desse organisasjonane fått 100.000 medlemmer utan at dette har blitt følgt opp i støtta til organisasjonane nasjonalt. Over tid har ein blitt stadig fleire som må dela ei stadig mindre kake. Det opplever vi som svært problematisk, seier Seland og meiner det harmonerer dårleg med det regjeringa har sagt om at dei ønskjer å setja frivillig sektor fri.

– Då må regjeringa også ta konsekvensen av det å følgja opp med frie midlar, ikkje berre oppretta nye prosjektstøtteordningar, seier han.

LES OGSÅ: Refsar kronprinsen og Global Dignity Day

– Spesielt uheldig for dei unge
Seland meiner utviklinga med auka prosjektstøtte, meir regelverk og byråkratiske ordningar er spesielt uheldig for barne- og ungdomsorganisasjonane. Han peikar på at dette er organisasjonar som er prega av unge tillitsvalde, unge tilsette og høg gjennomstrøyming.

– At veksten i prosjektmidlar går særleg ut over barne- og ungdomsorganisasjonane, var noko vi peikte på allereie i rapporten «Sårbar frivilllighet» i 2009 og 2010. Hovudbodskapen vår til regjeringa er difor at det siste frivillig sektor treng no ikkje er meir politikk for det frivillige, men at staten har ein frivilligpolitikk. Tidvis kan det verka som om kvar vesle avkrok i staten har si eiga forståing av kva det frivillige er. Det er skadeleg, seier Seland og peikar på at staten mellom anna har fire ulike definisjonar på kva ein frivillig organisasjon er.

LES OGSÅ: Den engasjerte samen

– Treng betre samordning
LNU-leiaren meiner difor det trengst betre samordning.

Før jul la regjeringa fram ei frivilligerklæring, som omhandlar samspelet mellom det frivillige og staten. For å forenkla statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar er det no ute på høyring eit forslag frå Kulturdepartementet til felles definisjonar på teljande medlem og teljande lokallag.

Seland fryktar derimot at dei andre departementa ikkje vil å følgja opp forenklingstiltaka til Kulturdepartementet på ein god måte.

– Vi kjem ikkje noko lengre om frivilligerklæringa berre blir ei erklæring frå kulturministeren og ikkje for heile regjeringa, seier Seland. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE