Steinbrot i vest kan bli nytt lager for farleg avfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vurderer å lagra farleg avfall her

Deponiet til NOAH Langøya utanfor Holmestrand i Vestfold er om nokre år fylt til randa, og staten er på jakt etter nye stader å lagre farleg avfall.

Ei kartlegging Miljødirektoratet har gjort, viser at dei best eigna stadene er gruver eller dagbrot. Kravet er at dei må vere tette nok til å halde på det farlege avfallet, ha stor kapasitet til lagring og liggje nær ei hamn.

LES OGSÅ: Her er partileiarane arrestert av politiet

To kandidatar i vest
Det nye deponiet skal lagre uorganisk avfall som til dømes flygeoske frå avfallsforbrenningsanlegg, uorganiske syrer og basar, til døme svovelsyre, sterkt ureina betong eller jordmassar og slagg frå industrien.

Av totalt tolv moglege stader i Sør-Noreg, ni av dei på Vestlandet, står Miljødirektoratet att med tre kandidatar. Etter det Nynorsk pressekontor får opplyst, er dei tre Dalen (Brevik) kalksteinsgruve i Porsgrunn kommune i Telemark, steinbrotet Rekefjord Øst i Sokndal kommune i Rogaland og steinbrotet i Sløvåg i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Pål Spillum, seksjonsleiar for avfall og attvinning i Miljødirektoratet, stadfestar at dei har korta ned lista over kandidatar.

– I arbeidet vi gjer med utgreiing av nytt deponi for uorganisk farleg avfall, har vi hatt synfaring på tre av lokalitetane på lista vi tidlegare offentleggjorde, opplyser han.

Spillum fortel at dei andre stadene på lista blir vurderte som mindre aktuelle. Det er anten fordi gruvene eller steinbrota ikkje eignar seg, eller fordi det er produksjon der, og derfor ikkje kan brukast som deponi allereie rundt 2022.

Miljødirektoratet vurderer også andre stader for deponi-etablering, men vil ikkje kommenterer det ytterlegare.

– Vi vil vurdere potensielle fjellhallar også, når vi har fått tilstrekkeleg informasjon. Det er for tidleg til at vi kan gå ut med kva stader dette er, seier Spillum til Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: «Elsertifikat er ein miljøskandale»

Det farlege avfallet aukar
Nær 1,4 millionar tonn farleg avfall blei levert til godkjent behandling i 2014, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein auke på 70 prosent på litt over ti år. Forureina masse og avfall som inneheld tungmetall, er blant avfallet som aukar mest.

Med auken i farleg avfall trengst det ein stad å kaste det.

– Det har vore vanskeleg å få etablert eit nytt deponi for uorganisk avfall, vedgår Spillum.

Derfor tok staten ved Miljødirektoratet initiativ til å kartleggje moglege stader. Miljødirektør Ellen Hambro har tidlegare sagt det hastar å få på plass éin eller fleire nye stader der ein kan behandle farleg uorganisk avfall.

Etableringa av eit slikt deponi i Brevik i Porsgrunn har møtt kraftig lokal motstand. Verken kommunen eller lokalbefolkninga vil ha deponi dei gamle gruvene nær Breivik.

– Det kan vere mange grunnar til lokal motstand, men Noreg som industrinasjon treng eit deponi for uorganisk avfall, understrekar Spillum.

Eitt av to deponi
I dag er det NOAH Langøya utanfor Holmestrand som handterer den største mengda uorganisk farleg avfall i Noreg. Deponiet er truleg fylt opp i 2022. Det ligg også eit tilsvarande deponi i Mo i Rana.

– Me treng eit nytt deponi i Sør-Noreg. Me kan ikkje belage oss på å eksportere alt av farleg avfall ut av landet, seier Spillum.

Noreg er del av eit nordisk samarbeid der me eksporterer mesteparten av det farlege organiske avfallet, i hovudsak ulike typar oljeavfall. Eksporten til nabolanda våre er på om lag 420.000 tonn. Det er ein auke på 15 prosent frå året før.

I avtalen ligg det også at Noreg skal ta imot avfall. Det er endå ein grunn til at landet treng eit nytt deponi. Importen var på 170.000 tonn farleg avfall i 2014.

– Det er eit samarbeid som har fungert godt i praksis, understrekar Spillum.

Miljødirektoratet vil ikkje kommentere kva for kandidat som er best eigna som nytt deponi. Dei vurderingane blir overlevert Klima- og miljødepartementet 1. mai i år. Då er det opp til departementet kva dei vil gjere med tilrådinga.


Her ved steinbrotet Rekefjord Øst i Sokndal i Rogaland vil selskapet Stangeland Maskin AS etablere eit deponi for farleg uorganisk avfall. (Foto: Einar Sira AS)

Faktaboks

Dette er dei moglege deponistadene:

Dalen/Kjørholt (også omtala som Brevik) i Porsgrunn kommune i Telemark: Kalksteinsgruver. Kjørholt er nedlagt medan Dalen er i drift. Bedrifta Norcem vurderer å avvikle drifta.

Rekefjord Øst i Sokndal kommune i Rogaland: Dagbrot i drift. Kommuneplan legg opp til etterbruk for sjøretta næringar. Uvisst kor mykje ressursar som er att.

Sløvåg i Gulen kommune i Sogn og Fjordane: Gruve i drift. Uttaket blir ikkje avslutta i nær framtid.

Desse stadene blei også vurderte: Tellnes i Sokndal kommune (Rogaland), Berakvam i Suldal kommune (Rogaland), Vigsnes i Karmøy kommune (Rogaland), Stordø i Stord kommune (Hordaland), Sætrefjellet i Bremanger kommune (Sogn og Fjordane), Rødsand i Nesset kommune (Møre og Romsdal), Sjøloft og Glærum i Surnadal kommune (Møre og Romsdal), Fosdalen i Verran (Nord-Trøndelag) og Akseldalen i Brønnøy kommune (Nordland).

Kjelder: Direktoratet for mineralforvalting, Miljødirektoratet, NGU. (©NPK)