Gyldendal startar forfattarskule

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka kom nyheita om at Gyldendal Norsk Forlag startar opp sin eigen skriveskule hausten 2016.

– Om ein blir tatt opp her – og villig til å jobba skikkeleg – er det ein veldig god sjanse til å bli forfattar hjå oss, seier redaktør i Gyldendal Harald Fougner.

Han er ansvarleg for skulen, saman med redaktør Trude Rønnestad.

LES OGSÅ: Den nye forfattarrolla

Ikkje tenkt på nynorsken
Forfattar Kyrre Andreassen skal vera fast skrivelærar. I tillegg vil forfattarar, som Øyvind Rimbereid, Johan Harstad, Trude Marstein og Ingvild H. Rishøi, halda foredrag der dei deler tips og erfaringar frå forfattarvirket.

Sjølv om studiet er langt frå heiltid, understrekar Fougner at skriving er arbeid, og at ein må rekne med ein del jobb mellom samlingane.

Inntil ti forfattarspirer skal, over to semester, delta på månadlege samlingar over to dagar.

 I Gyldendalhuset vil dei læra om skriveteknikk, samt lese og evaluere eigne og andres tekstar.

–  Me håpar at – om ikkje alle – så i alle fall nokon av desse, vil bli forfattarar hjå oss. Det er viktig å få fram nye, unge stemmer – og her vil dei få sjansen til å modnast.

Søkjarar må senda inn ein 15 sider lang skjønnlitterær tekst, i tillegg til eit motivasjonsbrev, innan søknadsfristen 15. april.

Fougner håpar på søknadar frå unge skrivande, som helst ikkje har debutert før.

 –  Vil de sjå ekstra etter nynorskskrivande?

 –  I utgangspunktet er ikkje det noko me har tenkt på, men nynorsk er spanande, så det hadde vore veldig fint med ein god nynorskandel, seier Fougner.

LES OGSÅ: Nye forfattarar publiserer bøkene sine sjølv 

Suksess for Ascehoug
Konkurrent Ascehoug har hatt eit tilsvarande tilbod i perioden 2004-2014. Dei fortel til Aftenposten at skulen har resultert i 25 debutantar, der nokre allereie har gitt ut fleire bøker.

I tillegg til forlaga sine skriveskular finst det Forfattarstudier i Bergen, Bø i Telemark og Tromsø. I tillegg kjem forfattarlinjer på folkehøgskular og den private skulen Westerdals i Oslo.