M Train av Patti Smith på norsk
Neste veke kjem punkdronninga Patti Smiths memoarbok nummer to, M Train, ut på norsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oppfølgjaren til memoarboka Just kids frå 2010 kom ut på originalspråket i fjor haust. No har Brit Bildøen omsett M Train til norsk.
– M Train – tittelen står for «mind train», eit «tanketog» som går kor som helst – er ei sublim samling av sanne historier om ugjenkallelege tap, minner, reiser, krim, kaffi, bøker og vill fantasi som tar oss med til hjartet av den Patti Smith er, skreiv magasinet Vanity Fair om boka da ho kom ut.
Boka har Smith sjølv omtalt som «eit vegkart over livet sitt»
LES OGSÅ: Patti Smith på nynorsk