«Noreg, ikkje kast miljøkrava på havet»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På framtida.no onsdag 10. februar skriv Atle Simonsen «Naturhippiane vil heller at barn i Afrika skal utvinne mineral». Her kjem ei oppklaring og ein faktasjekk.

Ei gruve er eit inngrep i naturen, men skaden kan avgrensast. Å dumpe avfallet i ein fjord er ikkje vegen til ein gruveindustri for framtida. Derfor sit aktivistar frå både Sunnfjord og resten av landet i lenker på toppen av eitt fjell i desse dagar. Aktivistane godtar ikkje ein gruveindustri som grev ned miljøomsynet, og ei regjering som kastar vurderingane til fagfolka på havet.

Miljødirektoratet konstaterte i februar 2014 at tiltaket ville kunne ha negativ effekt på pigghå, blålange, kysttorsk og ål, og på reint miljøfaglege vurderingar ville dei ikkje tilrå prosjektet. På bestilling om å vege samfunnsnytta tyngre snudde dei imidlertid. Men svaret på kor mange kysttorsk ein arbeidsplass er verdt har vi aldri fått svaret på.

Noreg er eitt av fem land som tillèt dumping av gruveavfall i sjø, endå færre tillèt nye deponi. Fortel meg ikkje at dette er dei fem einaste landa i verda som både har sjø og gruver. Resten av verda har slutta med å dumpe avfallet i sjøen av miljøfaglege omsyn. Noreg er altså ikkje eit føregangsland for miljøskadeleg deponering av gruveavfall. Ta visdomsorda til EU om sjødeponi: «In case of error, the damage cannot be undone».

Det er lett å gå i fella og tenke at alt av mineralar må ut, men tenk deg om ein gong til. Er mineral ein fornybar ressurs, kan vi hauste på nytt kvar haust? Vi må ta innover oss at fjell ikkje veks på tre, vi treng resirkulering av mineral. Atle, vi treng 20 gruver, ikkje 20 mineral.

Det er ikkje noko god ressurspolitikk å hive brukbare massar på havet, slik at dei aldri kan kome til nytte. Vi må sette krav til bruk av restmassane, vi kan ikkje stole på at selskapa gjer det uoppmoda. Noreg kan bli ein pådrivar for utnytting av ressursane. India er på veg med ein politikk dei kallar «Zero waste mining». Noreg bør følgje etter.

Ingen er tent med at vi i Noreg set låge miljøkrav for næringane våre. Vi må verne om naturverdiane våre, samstundes som vi er ein pådrivar for ansvarleg utvinning i andre land. Om prosjektet ikkje kan drivast lønsamt med tilstrekkelege krav til natur og miljø, må prosjektet leggast på is, slik at våre allereie eksisterande fornybare næringar kan fortsette å drive.

Ingen er tent med at vi i Norge set låge miljøkrav for næringane våre. Vi må verne om naturverdiane våre, samstundes som vi er en pådrivar for ansvarleg utvinning i andre land. Om prosjektet ikkje kan drivast lønsamt med tilstrekkelege krav til natur og miljø må prosjektet leggjast på is, slik at våre allereie eksisterande fornybare næringar kan fortsette å drive. Inntil gruva kan drivast på ein miljømessig forsvarleg måte ligg mineralane uansett i fjellet, dei spring ikkje frå oss.