Ap går mot sjukehusplanen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Partiet seier nei til å bruka folketal som grunnlag for kva sjukehus som skal ha akuttkirurgi, uttaler helsepolitisk talsmann Torgeir Micaelsen i Arbeidarpartiet til NRK.

Les også: – Eg ville vore optimist

Regjeringa meiner at sjukehus som har under 60.000 innbyggjarar i pasientgrunnlag, kan drivast utan akuttkirurgi. I forslag til ny sjukehusplan er både Stord, Volda, Flekkefjord, Lofoten og Narvik hamna på ei liste over sjukehus som kan stå i fare for å mista akuttkirurgien.

Les også: Brennande engasjement for Stord sjukehus

– No har vår Stortingsgruppe behandla dette, og konkludert med at me ikkje vil 60.000 innbyggjarar skal vera ei grense for kven som får ha akuttkirurgi og ikkje. Og me vil ha vekk både Stord og dei fire andre sjukehusa frå den omtalte lista, seier Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) til Sunnhordland.

Les også: – Det blir feil å leggja ned sjukehuset på Stord 

Han seier at partiet har fått klare signal frå Helse Vest og Helse Fonna om at dei vil halda på akuttkirurgien.

– Me meiner det er grunnlag for å ha akuttkirurgi på Stord. No blir det spennande å sjå korleis dei andre partia ser på dette. Komiteen leverer si innstilling 8. mars, og dei heile blir avgjort 17. mars, seier Rommetveit.

Les også: Høgre står fast ved sine prinsipp

– Det kan sjå ut til at det hadde ein positivt effekt å invitera dei sentrale politikarane til Stord?

Les også: – Eg peprar han med Twitter-meldingar 

– Ja. Eg veit det gjorde særleg inntrykk å sjå kor mange fødslar det er på Stord. Ved fødsel er det viktig å ha akuttkirurgi, dersom det blir behov for hastekeisarsnitt, seier Rommetveit.