Vil spesialisera seg i fornybart

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maskiningeniør-studenten stod førre veke på stand for Høgskolen Stord/Haugesund på Utdanningsmessa på Stord.

Ho går for tida på førsteåret i Haugesund. Før det tok ho studiespesialisering i Fusa, men utan matte. Den tok ho opp gjennom det kurset TRESS, som gir realfagsmatten og fysikken du treng.

– Det er ein veldig fin skule og kjekke folk og lærarar, seier ho. For tida pendlar ho til skulen frå Ølen. Men ho har veldig lyst til å flytta heim til Tysnes etter utdanninga.

– Viss det er mogleg  få jobb i nærleiken av Tysnes, så vil eg helst flytta tilbake, seier ho.

LES OGSÅ: Felespelaren som starta oljeeventyr

Studiet tar tre år, men ho utelukkar ikkje at det blir mastergrad på henne om karakterane er gode nok. Men det kan òg vera at ho søkjer jobb. Maskiningeniørarane kan velja fordjuping mellom marin konstruksjonsteknikk eller prosess- og energiteknikk med fornybar energi.

– No med nedgangstidene i olja, så høyrest det interessant ut med noko med fornybar energi, seier ho.

Ho har òg lurt på om ho skal utdanna seg som dataingeniør.

– Då får eg meir høve til å velja og vraka, seier ho.

Til liks med andre høgskular og universitet, opplevde også Høgskolen Stord/Haugesund ein nedgang i talet på søkjarar til maskinfag i fjor.

LES MEIR: Oljefag er ut – miljøfag er in