Unge miljøvernarar har fått 260.000 kroner i bøter etter ei veke med lenkeaksjonar mot gruvedrift ved Engebøfjellet i Førdefjorden. Likevel fortset aksjonane.

Søndag ettermiddag vart fire nye aktivistar klipte laus frå anleggsmaskinene og frakta til politistasjonen i Førde, skriv Klassekampen.

Her kan du følgje aksjonistane live.

– Det blir gitt høgare bøter enn vi hadde venta basert på andre aksjonar med sivil ulydnad, seier sentralstyremedlem Tina Andersen Vågenes i Natur og Ungdom (NU).

LES OGSÅ: Aksjonerte mot Nordic Mining i Oslo

Likevel fortset organisasjonen aksjonane mot Nordic Mining, som har fått løyve til gruvedrift i området og til å dumpe avfallet i Førdefjorden.

– Vi stoppar først og fremst prøveboringane for å vise at vi kan og for å gi ein forsmak på kva som kan komme, seier NU-leiar Ingrid Skjoldvær.

Også partiet Raudts ungdomsorganisasjon, Rød Ungdom, har deltatt i aksjonane. Søndag skreiv NRK at Raudt Sogn og Fjordane har bestemt seg for å betale bøter for aksjonistane.

Politiet i Sogn og Fjordane seier at dei gjer det som må til for at Nordic Mining skal kunne gjennomføre prøveboringane på Engebøfjellet.

LES OGSÅ: Samar demonstrerer mot gruvedumping

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE