Med overklasse-naboar gjer du det betre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Best med overklasse-naboar

Denne saka er laga av Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiO.

At utdanninga og yrket til foreldre påverkar born sine sjansar seinare i livet, er velkjent for forskarar. Men om arbeidarklasseborn kan ha utbyte av å ha vener som høyrer til overklassa, har ein visst mindre om. 

I ein studie ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi undersøkte forskarar kva som hadde hendt med Oslo-ungdom som var 13-15 år i 1980. Studien var støtta av Osloforskning, som finansierer forsking og masteroppgåver med Oslo som studiefelt.

LES OGSÅ: Bli med inn i eit levande laboratorium!

– Oslo er ein veldig segregert by, der fattige og rike gjerne bur på ulike stader. Men når arbeidarklasseborn veks opp i eit nabolag der det også er overklasseborn, ser vi at dette aukar sannsynet for å oppnå godar seinare i livet, seier forskar Jørn Ljunggren, som står bak studien saman med Maren Toft.

– Desse borna har større sjanse både for å ta høgare utdanning, for å velje eliteutdanningar og for sjølve å få ein overklasseposisjon seinare i livet.

Sjølv om omgrepet «klasse» sjeldan brukast på folkemunne, er det store inntekts- og statusskilnader mellom nordmenn, særleg i Oslo. Samfunnsforskarar grupperer borgarar i arbeidarklasse, lågare middelklasse, høgare middelklasse og overklasse. Overklassa har mykje økonomisk kapital, kulturell kapital og høg posisjon i yrkeslivet, til dømes som lege, advokat eller professor.

Fleire velståande naboar, større sjansar
Tidlegare studiar har tyda på at det særleg er overklassa som bur segregert, både i Noreg og internasjonalt. Men nokre nabolag er meir blanda. Og forskingsresultata peikar i éi retning: Dess fleire overklassenaboar ungdommar har, dess høgare på rangstigen klatrar dei seinare. Dette gjeld uansett kva klasse ungdommane sjølve høyrer til, men særleg arbeidarklasseungdommar.

– Alle som veks opp i velståande nabolag har betre livssjansar, men arbeidarklasseungdommar peikar seg spesielt ut. Å ha overklasseungdommar i nabolaget betyr nesten dobbelt så mykje for deira framtidsutsikter som for dei som er overklasseungdommar i utgangspunktet, seier Ljunggren.

Saka held fram under biletet.

Maren Toft og Jørn Ljunggren er forskarane bak studien. Foto: UiO.

Usikre årsaker
Ljunggren og Toft har brukt registerdata frå Statistisk sentralbyrå i arbeidet med studien. Desse dataa er innhenta frå offentlege register og gjev informasjon om mellom anna enkeltpersonars bustad, alder, utdanning og yrkesval.

Ljunggren vil vere forsiktig med å trekkje konklusjonar om kva som er årsaka til den påverknaden nabolaget kan ha. Dette gjev ikkje tala grunnlag for, dei viser berre at det er ein samanheng.  

LES OGSÅ: Denne makken er vår stamfar

– Ei forklaring kan vere at arbeidarklasseborna får tilgang til naboane sine ressursar. Er far rørleggar men har mange professorar og legar i nabolaget, vil borna for eksempel kunne dra nytte av kunnskapen dei har om utdanningssystemet. Samtidig kan naboane fungere som eit nyttig nettverk i yrkeskarrieren, foreslår han.

Eit politisk spørsmål
Ljunggren meiner at studien kan gje nyttig kunnskap til politikarar og byplanleggarar.

– I all byplanlegging må ein vurdere korleis bustadområde skal sjå ut. Då vil ein også ta stilling til kven områda er tiltenkt. Byggjer vi berre blokker med små leilegheiter, vil ikkje dei rike busetje seg der. Ønskjer vi ein sosial miks, må vi tenkje annleis, seier han.

Det er politikarar som må avgjere kva slags byar vi skal ha, påpeikar han.

– Nokon vil meine at segregering er bra fordi ein bur med folk i same situasjon og kan knyte sterkare band. Andre vil argumentere for ein sosial miks, der dei lågaste klassene kan dra nytte av naboane sine ressursar. Studien viser at det siste argumentet kan ha noko for seg. Eg vil ikkje tilrå noko, men eg trur det er ei rekke positive sider ved at folk bur litt blanda.

For overklasseungdommar som har venner med lågare sosial status, vil konsekvensane for framtidsutsiktene vanlegvis vere små.  

– Dei mest velståande ungdommane har veldig høge sjansar i utgangspunktet. Foreldra er så viktige at sjølv om det ikkje finst andre overklasseungdommar i nabolaget, har dei likevel stor sjanse for framleis å høyre til overklassa som vaksne.  

Støtte frå Osloforskning
Studien vart gjennomført i 2015, etter at Ljunggren hadde delteke i fleire studiar om segregering i Oslo. Han og kollegaene kunne slå fast at Oslo er ein segregert by, men Ljunggren og Toft ønska å undersøke kva dette betyr for dei som veks opp her.

Studien vart delfinansiert av Osloforskning, eit samarbeid mellom Oslo kommune og Universitetet i Oslo som skal fremme forsking og rekruttering til forsking med tema frå Oslo. Osloforskning støttar både masteroppgåver og studiar på forskarnivå.

– Midlane frå Osloforskning betydde alt. Mellom anna kunne vi gje lønnsmidlar til Maren Toft. Utan dette hadde ikkje studien vore muleg å realisere, seier Jørn Ljunggren.

LES OGSÅ: Sanninga om anabole steroid

Denne saka er laga av Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiO.