– Ikkje berre sit heime, om du er ueinig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no.

Årdal: – Det er kjempeviktig at unge engasjerer seg, fordi dei unge si røyst er så viktig. Det er jo dei som er framtida. Slik at når me høyrer deira røyster, utviklar politikk og tar avgjerdsler for framtida, så må ungdommen vera med.

Eldegard besøkte fleire lokale bedrifter, samt den vidaregåande skulen, der ho snakka om kor viktig dei unge sitt engasjement er i politikken.

Seinare avslutta ho dagen med besøk på NorSun og Årdal Mottakssenter.

Årdalsbesøket til Eldegard var i samband med årsmøtet til Arbeidarpartiet.

LES OGSÅ: Skulle ynskja fleire unge engasjerte seg i politikken

God plass å byrje
Stortingsrepresentanten oppmodar unge, som sit inne med ei meining, til å melde seg inn i eit politisk parti:

– Eg seier til ungdommane at det er viktig å vere med og bestemme. Deltek du ikkje, bestemmer du ikkje. Meiner du noko, må du finne ein plass å vise fram meininga di, og eit politisk parti er ein god plass å byrja.​

LES OGSÅ: Her er kommunane med flest unge på topp

Engasjerte ungdommar
Sara Vie (16), leiar i Årdal AUF, kommuniserer mykje med Førde og Oslo  gjennom AUF. Ho seier det er viktig at ungdommen interesserer seg for politikk:

– Politikken er alt me har rundt oss. Det er viktig at ungdommen engasjerer seg i politikken. Sit du heime og er ueinig i noko, så må du ta grep. Det er spesielt viktig at me engasjerer oss her i Årdal, det er jo her me skal vekse opp.

Olav Vindedal Erikstad (17) begynte å engasjere seg for politikk under stortingsvalet i 2013. Olav har vore medlem i AUF sidan 2014. Han engasjerer seg spesielt for miljøproblem:

– Eg har eit godt forhold til politikk, eg byrja å engasjere meg for omlag 2,5 år sidan. Hovudgrunnen til at eg byrja å engasjere meg var fordi eg såg at satsinga på miljøvenlige alternativ og fornybar energi var grunnleggande for eit samfunn som skal ta miljøproblema på alvor.

– Eg synes politikk er viktig. Det er tross alt det som er med på å forma samfunnet me lever i, og korleis kvardagen skal fungera for meg og deg.