Kom deg ut på søndag!
På søndag bør du kome deg ut ein tur.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er første gong vi har over 150 Kom deg ut-arrangement, og det er venta over 30.000 deltakarar. Ei gledeleg utvikling, som viser at friluftsliv har medvind og at vårt langsiktige arbeid for eit tilbod til alle generasjonar treffer, seier generalsekretæren i Den Norske Turistforening, Nils Øveraas, på nettsida til foreininga.
LES OGSÅ: Villmarksjenta flyttar ut
Noregs største søndagstur gjekk for første gong av stabelen i september 2006. I 2016 er det dermed duka for 10-årsjubileum med det 20. arrangementet i rekka.
– Det blir blant anna skileik, aking, leiker og bålkos rundt om. Her blir det gode moglegheiter for å halde varmen, møte andre barn og barnefamiliar, leike, lære og vere med på mange morosame ting, seier Øveraas.
Kom deg ut-dagen er ein nasjonale turdag, og vert arrangert to gonger i året over heile landet.
LES OGSÅ: Tips til haustturen