«På flukt» er tema for Førdefestivalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før, no og truleg også i framtida vil vi sjå at folk flyktar, på grunn av krig, naud, etnisk eller religiøs undertrykking, fattigdom, mangel på ytringsfridom eller andre grunnar. I bagasjen har dei vanskelege liv og vonde opplevingar, men også kunnskap og evner, kultur og tradisjonar – og musikk.

– Vi vil sjå på musikk og kultur på vandring i eit lengre historisk perspektiv. Til dømes emigrerte over 800.000 nordmenn til Nord-Amerika på 1800-talet, i hovudsak av økonomiske årsaker. Vidare har økonomiske vilkår og etnisk undertrykking i hundrevis av år tvinga romfolk til å flykte og emigrere; mange kurdarar har måtta legge på flukt grunna forfølging og undertrykking, og jødane med si over tusenår lange flukthistorie, tok kulturen sin med seg frå Midt-Austen via Nord-Afrika, Spania og vidare til mange land i Europa, der han ofte smelta saman med dei lokale musikktradisjonane i landa dei kom til, seier Bjørkum.

Førde internasjonale musikkfestival vil i sommar fokusere på den kulturelle rikdommen og mangfaldet i land vi elles gjerne tenkjer på og høyrer om i samband med krig, konfliktar, fattigdom og naud.

– Vi vil vise det vakre i kulturen og musikken frå desse landa, og minne oss alle om at migrasjon til alle tider har påverka og utvikla samfunn og kultur rundt oss, seier festivaldirektøren.

Artistane kjem mellom anna frå Syria, Eritrea, Israel, Spania, Romania, Iran, Irak, Tyrkia og Ungarn.

Førdefestivalen går i år av stabelen 6. til 10. juli. (©NPK)