TISA på 1-2-3-4

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare denne månaden var ein fullsett sal samla i Kulturhuset i Oslo for å høyre økonom i manifest Tankesmie og forfattar av pamfletten «TTIP og TISA på 1-2-3» Lars Gunnesdal forklara.

LES OGSÅ: TTIP på 1-2-3-4

Noreg, Island, Sveits og Lichtenstein TISA (Trade In Services Agreement) er ein fleirstatleg avtale om handel med tenester.

Tenester står for om lag 70 prosent av all handel i verda.

Rundt forhandlingsbordet sit EU, USA og fleire andre WTO-land (World Trade Organization) – deriblant Noreg. (Sjå faktabks for ei fullstendig oversikt over landa som deltek i forhandlingane.)

I 2012 bestemte den raudgrøne regjeringa at Noreg skulle delta i TISA-forhandlingane, eit arbeid dagens blåblå regjering har fortsatt med.

Noreg forhandlar saman med EFTA-landa (European Free Trade Organization), som består av oss, Island, Sveits og Lichtenstein.

Avtalen tek sikte på å leggje til rette for meir og enklare tilgang for handel med tenester på tvers av landegrenser. Avtalen byggjer vidare på WTO-avtalen om GATS (General Agreement on Trade in Services), frå 1995.

Statoil og Telenor
For Noreg sin del er avtalen viktig for at norske selskap skal få tilgang til nye marknadar. Saman med Island har me vore pådrivarar for at land skal ha mindre tilgang til å kontrollere kor stor del av marknaden innafor eit område som skal vere statleg styrt.

For selskap som Statoil og Telenor, vil det vere ein fordel med reglar som hindrar land i å favorisere sine eigne selskap.

Kritikarar som Gunnesdal meiner Noreg med denne politikken vil hindra andre land å driva den same politikken som har gjort statseide Telenor og Statoil mogleg. Du kan lesa meir om denne kritikken i Klassekampen.

Det er Wikileaks-avsløringar som gjer at ein kjenner til at Noreg foreslår at ein ikkje skal gje statlege selskap særrettar eller monopol, slik me gjorde den gong me fann olja.

I likheit med TTIP-forhandlingane har TISA-forhandlingane fått kritikk for å gå for stengte dører.

Tilbodet frå Noreg
Regjeringa la fram sitt opningstilbod til avtalen i november 2013 og forhandlingane starta i 2014.

Avtalen får kritikk for at landa må liste opp alle tenester som ikkje skal konkurranseutsettast, noko som betyr at alt ein ikkje lister opp kan konkurranseutsettast.

Avtalen omfattar ikkje luftfartsrettar og offentlege tenester, som skjer utan konkurranse med kommersielle aktørar. Døme på slike tenester er rettsvesen, politi, brannvesen og trygdesystemet.

Noreg vil verna om grunnskule og vidaregåande skule, men opnar for internasjonale aktørar i høgare utdanning og profesjonstenester i helsesektoren.

Du kan lese heile opningstilbodet her.

«Frys» og «skralle» 
Avtalen har vorte særleg kritisert for nokre mekanismar som vert kalla «frys» og «skralle». Frys betyr at regelverket som gjeld ved inngåinga av avtalen gjeld, noko som hindar landa sine moglegheiter til å strame inn på regelverk seinare.

«Skralle» har fått namn etter ein skiftenøkkel som stramar til berre éin veg. Det betyr at land som opphevar reglar, ikkje kan innføra desse igjen.

Difor fryktar fleire at avtalen vil avgrensa Noreg sin moglegheit til å avgjere framtidas politikk. På venstresida fryktar ein at dette kan bety ein varig blå politikk.

Leiar i Senterungdommen Erling Laugsand er blant dei som fryktar at avtalen vil tvinga fram konkurranseutsetting og privatisering av ei rekkje norske tenester. I innlegget «TISA-avtalatruar folkestyret» argumenterer han for at avtalen har ei svært snever tolking av offentlege tenester, som avtalen ikkje omfattar.

Kina vil inn, søramerikanarane vil ut
I fjor trakk Paraguay og Uruguay seg frå forhandlingane fordi dei frykta dei vil missa kontrollen over naturresursar, telenettverk og banktenester, samt at det vil gå ut over arbeidarrettar.  

Kina har uttrykt ønske om å delta i forhandlingane, noko USA er motvillige til.

Faktaboks

Land som er med i TISA-forhandlingane:

EU (28 land)

USA

Australia

Canada

Chile

Colombia

Costa Rica

Hongkong

Island

Israel

Japan

Liechtenstein

Mauritius

Mexico

New Zealand

Norge

Pakistan

Panama

Peru

Sveits

Sør-Korea

Taiwan

Tyrkia

USA