Fleire jenter tek antidepressiva
Bruken av antidepressiva er nær dobla på få år blant tenåringsjenter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her tek flest antidepressiva
Til saman 34.000 jenter og gutar under 18 år her i landet brukar medisinar mot psykiske lidingar, ifølgje ein ny studie. Blant jenter på 17 år er bruken av antidepressiv nesten dobla på få år.
Studien frå Folkehelseinstituttet og Høgskolen i Hedmark baserer seg på Reseptregisteret. I alt 20.350 gutar under 18 år brukte medisinar mot søvnmangel, angst, depresjon og ADHD i 2014, mens 13.700 jenter gjorde det same, skriv Forskning.no.
LES OGSÅ: Ikkje berre «flinke piker» som slit
– Den totale bruken har auka blant barn og unge, fortel forskar Ingeborg Hartz.
I 2004 tok rundt 1.400 jenter på 17 år ut reseptmedisin mot psykiske lidingar, mens talet hadde gått opp til 2.300 i 2014.
2006 var eit botnår for bruk av antidepressiv, og fram til 2014 har bruken blant 17-årige jenter auka frå 1,7 til 2,8 prosent. For 2014 utgjer dette rundt 900 jenter.
Hartz understrekar at det ikkje nødvendigvis er slik at fleire har blitt deprimerte.
– Det er viktig å sjå dette i lys av kor mange som faktisk har ein alvorleg behandlingstrengande depresjon. Ein norsk studie frå 1998 viste at 2,6 prosent av alle 13-18-åringer hadde ein alvorleg depresjon, seier ho.
Faktaboks
Talet på jenter mellom 15 og 19 som tok antidepressiva i 2014 (prosent):
Akershus | 2,4 | |
Aust-Agder | 2,7 | |
Buskerud | 2,6 | |
Finnmark | 3,8 | |
Hedmark | 3,2 | |
Hordaland | 3,1 | |
Møre og Romsdal | 2,5 | |
Nordland | 3,1 | |
Nord-Trøndelag | 2,9 | |
Oppland | 3,1 | |
Oslo | 1,9 | |
Rogaland | 2,8 | |
Sogn og Fjordane | 3,0 | |
Sør-Trøndelag | 2,8 | |
Telemark | 2,3 | |
Troms | 2,3 | |
Vest-Agder | 2,6 | |
Vestfold | 2,7 | |
Østfold | 3,4 |