På ein skala frå Jesus til Trump

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trump eller Jesus?

Avtale mellom Russland (heretter kalla Russland) og Norge (heretter kalla Norge).

1. Målet med avtalen:
Føremålet med avtalen er at så mange som mulig verda over skal forstå at norske styresmakter er veldig strenge. Ikkje sånn sjukt veldig strenge, men ganske veldig strenge.

Norges ambisjon er å ligge nær toppen i strengheit, men ikkje på topp. Kanskje ikkje på pallen heller. Fjerde-femte-plass er fint.

Det er viktig for Norge å vere strenge, men det er også viktig for Norge at det finst nokon som er endå strengare, som vi kan gjere narr av og himle med auga av.

For eksempel: Norge er strenge og tøffe, men Norge har i alle fall ikkje ei «smykkelov» som dei har i Danmark. Det vil seie, vi har reglar som liknar på den danske smykkelova, men som ikkje har fått kallenamnet «smykkelova».

Derfor kan regjeringskritiske krefter i Norge trygt vitse med den danske lova utan at det betyr noko. Det at ei lov har fått eit kallenamn, er ein føresetnad for at sjølv SV-sympatisørar kan klare å vere morosame.

Norge ønskjer altså å vere strenge, men ikkje heilt smykkelov.

For å seie det på ein annan måte: Om vi tenker oss ein skala frå Jesus til Donald Trump, så ligg Norge nærmare Trump enn Jesus, men ikkje så nært Trump at vi ikkje kan gjere narr av han.

For å seie det på endå ein annan måte: Norge har ein innvandringsminister som openbart er frå Sunnmøre. Som alle andre gode sunnmøringar, har ho openbart klart seg sjølv, og synest andre også bør klare det. Som alle gode sunnmøringar, kan ho også verke snusfornuftig, sjølvfornøgd og moralsk, men ho er ikkje heilt rabiat heller.

Det er vesentlig for alle å oppretthalde dette bildet av den norske innvandringsministeren. Fordi: Partifellane til innvandringsministeren liker at ho er snusfornuftig og moralsk og openbart frå Sunnmøre. Opposisjonspolitikarane liker også at innvandringsministeren er sånn, fordi det då er lett å kritisere henne og vere einig med henne på same tid, og for eksempel understreke at med ei anna regjering så ville den same politikken blitt ført, men på ein mykje mindre moralsk og snusfornuftig måte.

Alt Russland treng å gjere er å la Norge vere litt strenge no i ein periode. Det er også i Russlands interesse, fordi: Viss Norge får verke strenge no i ein periode, så blir alle i Norge fornøgde. Regjeringa og innvandringsministeren får lov til å verke strenge og snusfornuftige og moralske. Det liker dei såpass godt at dei sikkert vil vere hyggeligare mot Russland neste gong det skal forhandlast om noko. Dei norske opposisjonspolitikarane får lov til å himle med auga og vere kritiske til regjeringa utan å vere ueinige med politikken deira. Og dei som alltid er skikkelig kritiske til regjeringa vil også vere fornøgde. Dei får nemlig ein statsråd med både ein politikk og ein veremåte som liknar på fordommane mot partiet hennar, og som det derfor er lett å vere sint på. I tillegg til at dei får lov til å himle med auga og gjere narr av lover med kallenamn. Det er ikkje meir som skal til for å glede dei kritiske i Norge. Sleng på eit par faklar, så er dei i alle fall lykkelige. Og, og her er poenget, då kjem dei til å nøye seg med å kritisere regjeringa, i staden for å seie stygge ting om Russland, som dei har gjort ein del av i det siste. Vi har merka oss at mange i Russland har blitt såra, eller har fått beskjed om å bli såra, at norske aktivistar har sagt at det ikkje er trygt i Russland. Alle veit at det er trygt i Russland.

Sånn. Har vi ein avtale då? Ja?

Flott. Då blir alle fornøgde og vi kan gå tilbake til å diskutere om folk bør ha vaskehjelp.

2. Det er ikkje nødvendig med eit punkt to når det første punktet er såpass bra.

Først publisert i Aftenposten 30. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!