Siri (18) vil bli yrkessjåfør

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For den 18 år gamle lærlingen er det ingen problem om lengda på køyretøy med hengar nærmar seg 20 meter og lasta vert rekna i fleire titals tonn. For det er her bak rattet i sin velvaksne lastebil ho trivst aller best og her vil ho jobba til læretida er slutt.

— Dette er veldig kjekt. Det er spennande og utfordrande. Ingen dagar er like, smiler Siri Helland nøgd.

Likevel er det eit yrke som trafikklærar ho har i sikte ein gong i framtida, men først er det læretid og praksis som står på programmet.

— Etter læretida her hos Suldal Transport har eg planar om å ta eitt år med logostikk og så vidare til trafikklærarutdanning. Eg har mest lyst til å bli trafikklærar på lastebil, seier ho.

Læreplass

Etter eitt år på TIP vedf Ølen vgs, to år på transportlinje i Haugesund og eitt halvår på transport i Sauda søkte ho læreplass ved Suldal Transport. Her fekk ho napp.

— Eg fekk læreplass med ein gong, og starta opplæringa rett før jul. Etter nyttår har eg jobba kvar dag. Her får eg masse erfaring og får køyra både til Haugesund, Stavanger, Stord og Sauda. Treng eg hjelp kan eg kontakta kontoret i Aksdal så hjelper dei meg, elles køyrer eg aleine. Eg hadde berre hatt lastebillappen i tre dagar før eg køyrte lastebil med hengar aleine for første gong, fortel den ferske trailersjåføren som også har fått prøvd seg på glatte vegar dei siste vekene.

— Det har gått fint å køyra på glatt føre. Eg må berre køyra med vett og ikkje ta sjansar, seier ho.

Allsidig yrke

Eit liv som yrkessjåfør inneber meir enn å sitja bak eit ratt. Sjåføren har også ansvar for å få varene trygt både på og av bilen.

— Lessing og lossing gjer eg sjølv. Me fraktar alt frå matvarer og frysevarer til stykkgods og trelast. I går hadde eg ei last med trevarer som eg måtte bera ut for hand, så det kan bli mange tunge løft i løpet av ein arbeidsdag. Det er ikkje alltid eg kjem til med jekketralle. Dette er ingen latmannsjobb, fortel ho.

Den unge lærlingen likar å jobba. Og i helgene når ho har fri frå sjåførjobben tek ho fatt på fjøsstell.

— Eg er avløysar annan kvar helg, fortel ho.

Hos Suldal transport er ingen dag like. Det set ho pris på.

— Både arbeid og arbeidstid varierer frå dag til dag. Enkelte dagar er korte, andre lange. Det hender eg har stått opp klokka fire heime i Vikedal for å vera på jobb i sekstida. Men me må passa på kviletida og må ha 45 minuttar pause etter å ha kjørt fire og ein halv time, seier den køyreglade 18-åringen.

Les meir om yrkesfag her!

Fleire jenter

I dei seinare åra har stadig fleire jenter fatta interesse for sjåføryrket. Ved Sauda vgs, som både tilbyr VG2 Transport og yrkessjåfør opplæring, har talet på jenter som vel slik utdanning vore stigande.

— I Sauda starte me med eit ni vekers kurs for yrkessjåførar i 1982 og i 1991 fekk me Vg 2 transportlinja. Linjene er blitt meir populært blant jenter, fortel avdelingsleiar for transportutdanning Paul Åbø.

For å koma inn på VG2 transport må elevane enten ha grunnkurs frå TIP eller service- og samferdsle. Dette er det mange jenter som vel bort og Åbø meiner interessa hadde vore større om fleire grunnkurs gav tilgang til transportlinja.

— Mange jenter vel studiespesialisering eller helsefag. Det kvalifisere ikkje for opptak til transport, seier han.

Lærlingen frå Vikedal var ikkje aleine jente i klassen då ho gjekk i Sauda.

— Me var fem jenter av til saman 24 elevar i klassen. Utdanninga blir meir og populært blant jenter. Ein veit ikkje kva yrket handlar om før ein har prøvd det og eg vil anbefala yrket til alle, seier Helland.

I Rogaland og Hordaland tilbyr seks skular utdanning innan transport og logistikk, blant anna ved Haugaland vgs i Haugesund og Sauda vgs. I vårt distrikt tek tre transportbedrifter inn lærlingar, alle i Vindafjord.

LES OGSÅ:Slik endrar teknologi jobbkvardagen din

Yrkje & utdanning

Torsdages Grannar er for ein stor del via temaet Yrke & utdanning. Me har blant anna snakka med elevar på Ølen vidaregåande skule om vegen vidare, sett på læringsituasjonen på indre Haugalandet, besøkt eit oppdrettsanlegg utafor Bjoa og snakka med NAV-sjefen i Vindafjord om arbeidsmarknadssituasjonen.

LES SAKA I GRANNAR!