Når film er litt sånn som livet

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Louder than bombs gav meg moglegheita til å føle store deler av ungdomstida og barndommen min, samstundes som han ga meg nye perspektiv på livet og det å vere ung i dag.

Perspektiv på det moderne familielivet og på korleis tragiske hendingar kan knuse all tillit, men også føre til ein sterkare forståing for ande sine liv. Andre liv som ikkje forstår ditt liv, før dei også hamnar i grøfta.

Og ja, kanskje er det ein klisjé; men om ein klarer å opne seg opp for kvarandre og reise seg igjen, saman: Kan kanskje banda bli sterkare. Så sterke at den tidlegare tilliten brått verkar skjør.

Kalde kondolansar
Men dette er vi redde for å prate om: dei personlege tragediane, familiane som fell saman eller opplever noko traumatisk, dramatisk.

«Kondolerer», seier vi då. Eit kaldt ord vi ikkje ein gong veit kva betyr.

Når nokon vi er glade i treng støtte og kjærleik meir enn nokon gong. Då seier vi kondoler, og tar dei i handa. Men så er det ikkje så lett heller.

Film om livet
I Louder than bombs ser vi kor vanskeleg det er for ein mann som har mista kona si gjennom sjølvmord, å fortelje dette til den yngste sonen sin. Og kor vanskeleg det er å bygge opp tillit nok til å sleppe inn gjennom dei bitre og tjukke veggane han sett opp rundt seg.

Ikkje berre rundt faren, men rundt alle menneska rundt seg.

Gjennom skriving viser han sitt sanne eg, som gjev oss eit innblikk i hans rike indre verd. Ei indre verd han vel å dele med broren, men ikkje med faren. Berre det kan jo kjennest som eit vanvitig nederlag, skal ein som forelder ikkje ein gong klare å hjelpe barna sine gjennom vanskelege stunder?

Livet er ikkje som på film, men av og til er film så bra at det seier nokså mykje om korleis livet kan vere. Om korleis livet er. Og det, det er ein av fleire tusen måtar å skape ei betre verd på.

Les siste filmnytt her!