Lars har over 12.000 følgjarar på Instagram

Lars Zachariassen var lei av alle motivasjons-bilda med ordtak på sosiale media. Difor laga han ein eigen profil med humoristisk vri. Det slår an.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår an med humor

Først publisert på Jbl.no!

Triatleten er akkurat ferdig med dagens joggeøkt rundt Melsvatnet. Snøen ligg som eit teppe over det islagde vatnet. Lars Zachariassen finn fram øksa og høgg eit passande stort hol til å hoppa uti. Ikledd våtdrakt, badehette og svømmebriller står han like ved kanten og smiler. Ikkje fordi han har tenkt å hoppa uti, men fordi det står eit kamera med sjølvutløysar på den andre sida av holet. Bildet blir lagt ut på Instagram med følgjande tekst:

«Done with the ax – just 9000 cold meters to go».

Ved sida av han står to eldre damer og kikkar på det som føregår på isen. Lars fortel dei om Triatlars, Instragram-aliaset hans, og i løpet av samtalen sikrar han seg to nye følgjarar. Damene skal nemleg heim og sjå alle dei kreative bilda hans gjennom barnebarna sine kontoar.

LES OGSÅ: Kristine er størst på Instagram

Det starta for eit år sidan

Lars Zachariassen frå Tu er relativt fersk både som triatlet og Instagram-hit. Det heile starta med at han blei teken med på svømmetrening med Bryne Triatlonklubb for eit drygt år sidan. Den første gongen i bassenget svømte han 400 meter på ein time. Nå er han oppe i 3000 meter i løpet av timen.

– Det har vore utruleg gildt. Eg blei så godt motteken av klubben, har blitt kjend med mange nye menneske og lært enormt mykje. Den første triatlonen eg deltok i var også den første Bryne Triatlonklubb arrangerte. Etterpå har det berre balla på seg, fortel Zachariassen.

Skil seg ut

Han ønskte seg eit kult prosjekt og begynte raskt å leika med tanken om å oppretta ein instagram-profil for triatlon-satsinga. Heilt i frå byrjinga hadde han klare tankar om kva det skulle vera.

– Instagram er full av glansbilde-kontoar og motivasjonssitat som «Run the day before the day runs you». Eg ville ikkje ha noko slikt. Eg ville ha noko litt annleis og fortelja på mitt vis om kva det er eg held på med. Eg er sjølv fysioterapeut og jobbar med å motivera andre til endringsarbeid. Eg er oppteken av folkehelse og håpar sjølvsagt også at Triatlars kan inspirera andre på ein god måte, fortel Zachariassen.

– Det tok av

Triatlars la ut sitt første bilde på Instagram i juli og har nå over 12.000 følgjarar.

– Det tok eigentleg heilt av i frå starten av. Eg var bevisst på å bruka dei rette emneknaggane og å lika andre sine profilar. Nå får eg cirka 50-100 nye følgjarar kvar dag og postar eitt eller to bilde dagleg, seier han.

– Kvifor trur du at du appellerer til så mange?

– Eg trur at folk likar at det er litt annleis, at det jamt over er høg kvalitet på bilda og gjennomtenkte tekstar. Ein viktig grunn til at eg har fått så mange følgjarar er at eg har blitt reposta mykje. Store profilar har lagt ut bilda mine og det har gitt meg mange nye følgjarar, svarar han.

Kona er på laget

Han blar gjennom bilda sine og fortel litt om bakgrunnen for motiva. Kona, Caroline, er ein gjengangar. På eit bilde sit ho bak i sykkeltralla og viftar med ei fiskestang med ein BH framfor nasen på Triatlars. På eit anna ligg ho og søv på golvet på ein madrass medan sykkelen har teke hennar plass i senga ved sida av ektemannen.

– Eg får stort sett ideane mens eg trenar og mykje handlar om mann og kone. Eg har lagt merke til at fleire som driv med triatlon slit med dårleg samvit for konene sine på grunn av at dei brukar så mykje tid på idretten.

– Gjer du det?

– Nei. Me er eit team. Dessutan veit Caroline kva det vil seia å bruka mykje tid på idretten, svarar han.

Turn-gull

Det er nemleg ikkje kven som helst han er gift med. Caroline Zachariassen (tidlegare Dølen) er 48 gongar norgesmeister i turn og har gull i både EM og Nordisk meisterskap. Lars Zachariassen har sjølv bakgrunn som turnar og har åtte NM-gull i troppsgymnastikk. Han er ikkje sein med å få fram at kona sin prestasjon er den klart største.

– Caroline frå Drammen var den klare einaren i turnmiljøet, og ho kapra eg.

– Ditt største gull med andre ord?

– Ja, du kan seia det slik, svarar han og ler.

LES OGSÅ: Instagram kan vera slankande

Familielivet kjem først

Dei har begge lagt turninga på hylla. Nå er det familieliv samt svømming, sykling og springing for Triatlars som gjeld. Paret har to søner og bur saman i eit rekkehus på Heimdal-feltet på Tu.

– Kvar sundag planlegg me veka. Me finn ut kva me skal ut på som familie, kva me skal eta og når eg skal trena. Eg trener omlag ti timar i veka. Eg har to økter med svømming, samt ei intervalløkt og ei økt med roleg langkøyring både på sykkel og til fots. Men familien kjem før treninga.

– Når trener du då?
– Eg står ofte opp klokka fem og trenar før ungane står opp. Eg passar også på å trena når Caroline er ute. Då sit eg gjerne i kjellaren på rulla med babycallen på.

– Du har det travelt?

– Ja, galgildt. Eg har også med meg gutane på tur i vogna eller sykkeltralla. Dei aller finaste opplevingane har eg når meg og eldstesonen er på husdyrsafari. Då spring eg med han i vogna, og så kikkar me på dyr. Me har også gjerne ein matpause i Sandtangen og kosar oss i balanseløypa der, fortel han.

I tillegg til familien, er nemleg naturen ein viktig del av livet til Lars. Det viser igjen på Instagram-profilen hans. Her har han fanga høge himlar, dramatisk ver og vakkert lys.

– Både opplevinga naturen gjev meg og det å få visa fram den jærske råskapen til folk synest eg er gildt. Eg får kombinert både interessa for foto, natur og trening. I tillegg treff eg mange folk, seier han.

LES OGSÅ: Deler nakenbilde på Instagram

Utstyret er sponsa

Om Triatlars er den på Jæren med flest følgjarar er uvisst, men det må i alle fall vera heilt i toppen. Og med 12.000 følgjarar er det mange kommersielle aktørar som har meldt sin interesse. Triatlars køyrer nå rundt i ein sponsa bil og har fått mykje treningsutstyr.

– Eg starta med gamle joggesko og ein enkel sykkel. Nå har eg fått mykje proft utstyr som eg ikkje hadde kjøpt meg sjølv. Det synest eg er litt både og, for å vera heilt ærleg. På ein måte ønskjer eg ikkje å skapa eit utstyrspress. På den andre sida er det veldig gildt å få sykla ein proff sykkel til dømes. Eg blir litt dregen i begge retningar her, seier han.

Har innført mobilfri sone

Han er oppteken av å skilja mellom Triatlars og privatpersonen Lars Zachariassen. Han vil ikkje dela alt med sine 12.000 følgjarar og meiner at det er lett å verta sjølvsentrert om ein fokuserer for mykje på likes. Difor har han og kona innført mobilfri sone medan ungane er vakne i heimen.

– Eg kunne nok hatt ennå fleire følgjarar om eg hadde vore meir påskrudd, men familien og treninga kjem før Instagram-profilen, fortel han.

– Kva er målet til Instagram-kongen Triatlars?

– Eg ønskjer å ha det kjekt og sjå kva slags dører som kan opna seg. Kanskje blir det tilbod om å delta i ulike konkurransar, spørsmål om å halda føredrag eller andre ulike jobbtilbod. Me får berre sjå, men eg er oppteken av å ikkje reklamera for useriøse produkt. Eg skriv aldri om at noko er bra. Eg berre har på meg utstyret, svarar han.

– Og kva er målet til triatleten Lars Zachariassen?

– Det er å utvikla meg på alle distansar og øvingar. I år har eg vore cirka nummer 20 i dei konkurransane eg har delteke i, så målet er å forbetra tider og vera med på mange konkurransar. Eg ønskjer også å vera med på å utvikla klubben vidare, seier han.