Oslo blir første kommune med mobbeombod

Frå før er det fire fylkeskommunar som har mobbeombod.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rogaland har også vedtatt å få mobbeombod. Og no følgjer også Oslo etter, ifølgje VG.

– Me opprettar dette ombodet fordi me ser at for mange barn, unge og foreldre opplever at dei ikkje blir tatt tilstrekkeleg på alvor når dei opplever mobbing, seier byråd for oppvekst og kunnskap, Tone Tellevik Dahl (Ap) til VG.

Mobbeombod blei første gongen fremja av KrFU i Buskerud.

Mai Lene Fløysvik Hæåk, fylkesleiar i Oslo KrFU, gler seg over at det raud-grøne byrådet no følgjer etter.

Ei tredobling i talet på klager relatert til mobbing sendt til fylkesmannen i Oslo og Akershus viser eit særskild behov for ein eigen mobbeinstans, ifølgje henne.

– Ein kan ikkje bli god på skulen utan å vera trygg på skulen. Vedtaket om mobbeombod dreier seg derfor om menneskeverd. Skal me lukkast med å skape kunnskapssamfunnet, har me eit ansvar for dei barna som opplever skulen som ein utrygg stad å vera, seier Mai Lene Fløysvik Hæåk i ei pressemelding.

Ho seier ho forventar at skuleleiarar tar innover seg alvoret som mobbinga fører med seg og kva konsekvensar det har for livet til eleven.