– Det blir svindyrt å vera liten kommune

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Arbeidarpartiet er mot tvangssamanslåing av norske kommunar. Derfor seier vi nei til forslaget frå regjeringa til nytt inntektssystem for kommunane, fordi vi meiner modellen vil strupe dei små kommunane, seier Ap-representant Martin Kolberg til NTB.

Etter at kommunalminister Jan Tore Sanner presenterte ein ny inntektsmodell før jul i fjor, har det blitt fart i kommunereforma. Frå svært lita interesse gjennom hausten i fjor, er det no 244 kommunar som greier ut og 124 kommunar som forhandlar om samanslåing, ifølgje ei oppteljing Kommunal Rapport har gjort.

– Openberr tvang
– Modellen Sanner har foreslått forsterkar den økonomiske skeivfordelinga mellom kommunane. Det er openbert at regjeringa gjer dette for å tvinge fram samanslåing, for måten dette er lagt opp på vil gjere det veldig dyrt å ikkje slå seg saman, seier Kolberg til NTB.

Han meiner at Sanner no går bort frå dei tidlegare prinsippa i reforma om at det skal vere ein open demokratisk prosess.

– I tillegg til at det no blir prøvd med økonomisk tvang, er fristen i ferd med å gå ut for dei gulrøtene som var lagt inn i reforma. Og vi i Arbeidarpartiet er veldig negative til å tvinge fram noka samanslåing. Derfor seier vi nei til det foreslåtte inntektssystemet, seier Kolberg.

– Svinedyrt
Dagleg leiar Geir Vinsand i NIVI analyse er ein av dei som følgjer Kommune-Noreg tettast. Han seier at farten på kommunereforma ser heilt annleis ut no:

– I sommar såg det ut som om heile reforma var i ferd med å spore av, men biletet no er heilt forandra. No ligg inntektsmodellen føre, og der er det dramatikk. Forslaget frå regjeringa viser at det vil vere svindyrt å vere liten, seier han til Aftenposten.

Samarbeidspartia Venstre og KrF har enno ikkje sagt kva dei meiner om den foreslåtte inntektsmodellen for kommunane. (©NPK)

Faktaboks

Nytt inntektssystem for kommunane

Regjeringa føreslår at inntektene skal byggja meir på innbyggjartal enn før.

Regjeringa føreslår å redusera inntektene til små kommunar, og særleg kommunar med kortare avstandar til andre kommunar. Dette kallar regjeringa for frivllig små kommunar. Kommunar med få innbyggjarar med lengre reiseveg til andre kommunar får halda på meir av tilskotet som dei får som småkommunar.

Regjeringen vil slå saman dei regionalpolitiske tilskota til eitt distriktstilskot for Sør-Noreg og eitt distriktstilskot for Nord-Norge/Namdalen.

Les om heile forslaget her!