Aurora først på Rolling Stone-liste

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aurora Aksnes frå Os er å finna på januarlista til musikkmagasinet Rolling Stone, der artistar som er verdt å få med seg blir presenterte.

Det amerikanske magasinet lagar kvar månad ei liste over ti nye artistar publikum bør følgje med på, fortel VG. Og 19 år gamle Aurora Aksnes frå Os har fått plass på den første lista i 2016.

– Det betyr så klart mykje å få slik merksemd av anerkjende Rolling Stone, seier Kim Paulsen i plateselskapet til Aksnes, Petroleum.

LES OGSÅ: Saman mot toppen