Ferrante gull verd for Samlaget

Dei to første bøkene i Napoli-kvartetten av pseudonymet Elena Ferrante utgjorde nesten ein firedel av inntektene til Samlaget på boksal i 2015.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskforlaget har selt til saman 70.000 papireksemplar og 4.000 e-eksemplar av dei to første bøkene i serien. Bøkene til det italienske forfattarpseudonymet er allereie den største suksessen i Samlagets historie – og det før dei to siste bøkene er ute, og før pocketsalet er i gang.

– Her på huset er dette strålande tal. Vi har ikkje råd til å vere med på dei største bodrundane blant forlaga. Da vi fann Ferrante, visste vi at vi sat på gull, men vi torde ikkje håpe på ein så stor suksess, seier administrerande direktør Edmund Austigard i Samlaget til Aftenposten.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Nesten konkurs

I eit normalår utgjer boksalet i Samlaget rundt 35 millionar kroner, men den summen blir vesentleg høgare i rekneskapen for 2015. Forlaget får i tillegg om lag 15 millionar kroner i statsstøtte.

Da Austigard byrja i forlaget i 2011, var underskotet på 14,5 millionar kroner. Men etter at forlaget avvikla skulebokseksjonen, selde eigedommen dei held til i, og meir enn halverte talet på tilsette, var underskotet snudd til eit overskot på 4 millionar i 2014 – det vil seie året før Ferrante-bøkene kom ut. Ettersom forlaget er organisert som ei stifting, går heile overskotet inn i forlagsdrifta.

– Vi treng betre marginar enn før for å ha råd til å investere i digital utvikling. Ferrante gjer at vi no kan setje opp farten på dette området, seier Austigard.

Samlaget satsar no mellom anna på utvikling av interaktive barnebøker, digitalisering av tidlegare utgivingar og marknadsføring og formidling i sosiale medium. Dessutan er lettlesne bøker for barn og unge og fagbøker til bruk i høgare utdanning satsingsområde.

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

Jon Fosse-løft

Eit stort pluss for Samlaget i fjor var det at forfattaren Jon Fosse fekk Nordisk råds litteraturpris.

– Trilogien hans har fått eit veldig løft etter prisen. Eg trur folk har tatt inn over seg at han ikkje er så vanskeleg å forstå. Dessutan er vi glade for at Ferrante og Fosse har gjort sitt til at mange tusen har lese nynorsk for første gong sidan skuledagane, seier Austigard til avisa.

– Det har vore eit framifrå år for Samlaget.

Den første Ferrante-boka, Mi briljante venninne, kom ut i mars, mens oppfølgjaren, Historia om det nye namnet, kom i haust. Bok nummer tre, Dei som flyktar og dei som blir, kjem ut i mars og den siste i oktober. (©NPK)

Les bokmeldingane:

Sit fast i deg og slepp ikkje taket

Ein sjeldant vakker oppfølgjar