Klima vrir venstrepolitikarar til høgre

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ei doktoravhandling i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen. Sondre Båtstrand har undersøkt korleis klimaendringar utfordrar demokratiet og dei politiske partia.

LES OGSÅ: Ingen klima-Trump

Ei utfordring for demokratiet
– Mennesket er programmert til å tenkje nært i tid og rom. Dei kortsiktig interessene dominerer. Dette vert spegla att i politikarane sine valkampar, som ofte handlar om å sikre veljarane materielle goder på kort sikt. Dermed utfordrar klimaendringane demokratiet vårt.

Det seier Båtstrand, som i desember disputerte med avhandlinga «Climate Change: Challenging democracy, challenging parties».

– Klimaendringar er ei utfordring for demokratiet fordi klimaet endrar seg på lang sikt, medan ein valperiode berre er på fire år. Vi kjenner ikkje klimaendringane på kroppen, men det gjer vi med klimatiltak som å sykle til jobben framføre å køyre bil, seier Båtstrand.

At klimatiltak først har effekt langt fram i tid, medan politikarar gjerne vil oppnå resultat allereie i laupet av sin fireårige valperiode, minskar insentiva for å gjennomføre klimatiltak.

– Klimaendringane er mykje fjernare enn bensinprisen. Samstundes skjer det ei endring dei siste åra, der vi byrjar å merke klimaendringane i større grad.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr

Utfordrar dei politiske partia
Ifølgje Båtstrand utfordrar klimaendringane dei tradisjonelle linjene mellom venstre- og høgresida i politikken.

– Typisk venstresidepolitikk er forbod, reguleringar eller avgifter. Typisk høgresidepolitikk er lågare avgifter, færre reguleringar og ei tru på at marknaden vil løyse problema.

Politiske parti prøver å forme klimaspørsmålet slik at det passar med deira eksisterande politiske plattformar og veletablerte konfliktar. Ofte verte klimapolitikk forstått som å passe inn på bestemte plassar i det politiske landskapet. Dette er anten som ei sak for venstresida, som ei sak som blir absorbert av tradisjonelle konfliktlinjer mellom stat og marknad, eller som ein sentral del av ei ny konfliktlinje mellom «ny» og «gamal» politikk.

I avhandlinga finn Båtstrand at internasjonal klimapolitikk i stor grad er høgreorientert.

– Kyotoavtalens hovudbidrag er eksempelvis kvotehandelen, som er eit system for at marknaden skal løyse problemet. Då verdssamfunnet løyste problemet med hol i ozonlaget, var det med venstresidepolitikk og ei klar utfasing av det skadelege stoffet. Dette er ikkje oppe i klimadebatten, der høgrepolitikk har slått an langt inn på venstresida, seier Båtstrand.

På nasjonalt nivå finn Båtstrand fleire venstreorienterte klimatiltak, som CO2-avgift og forbod mot oljefyring.

I avhandlinga argumenterer han for at klimaspørsmålet ikkje er reservert ein bestemt politisk retning.

– Klimaspørsmålet skapar nye konfliktlinjer i politikken, som mellom vekst og vern, og mellom nasjonal sjølvråderett og internasjonalt styre. Det er ei utfordring med mange ulike dimensjonar, som utfordrar dei tradisjonelle skilja mellom partia.

LES OGSÅ: Borar for miljøet