mm
Faktaboks

NRK-lisensen for 2016

I 2016 er NRK-lisensen på 2834,70 kroner inkludert moms.

Summen, som vert fastsett av Stortinget, er ei auke på 78,54 kroner

NRK-lisensen er fordelt på to rekningar, den eine med forfall 31. januar og den andre med forfall 31. juli

Kjelde: NRK

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me meiner at NRK-lisensen ikkje har vorte slik som planen var i byrjinga. NRK er ikkje lenger reklamefri, sidan stadig fleire program vert presentert av noko eller nokon, seier leiar i FpU-Buskerud Thomas Klingen på telefon til Framtida.no.

I går la Buskerud FpU ut ein video der dei brenn NRK-lisensen på sine Facebook-sider.

LES OGSÅ: Trur ikkje på å nekte unge tobakk

Stillreklame og sakte-tv
I 2013 gjekk moderpartiet Frp til val på at folket aldri meir skulle betala ein NRK-lisens, eit valløfte dei ikkje har klart å innfri.

I år er den samla NRK-lisensen på 2835 kroner per hushald – noko som er ei auke på nesten 79 kroner frå 2015.

Klingen meiner stadig meir stillreklame i samband med sponsing av idrettsarrangement er det viktigaste argumentet for at NRK bør verte ein kommersiell aktør, som konkurrerer på lik line med TV2.

– Konkurranse er bra. Me meiner at NRK skal få lov å senda, men at det ikkje skal finansierast av innbyggjarane sine pengar. Det er unødvendig at folk betalar for tenester dei ikkje nødvendigvis ser på, seier Klingen

Leiaren i Buskerud FpU vil ikkje betala for Hurtigruta minutt for minutt, Bergensbanen, peiskos og strikkekveld på NRK.

– Korleis er dine eigne NRK-vanar?

– NRK er ikkje førstevalet mitt, men det står gjerne på i bakgrunnen. Det er TV2 og TVNorge som vert flittigast brukt for mitt vedkommande.

LES OGSÅ: Anbjørn (19) har Hagen som førebilete

Sikker protest
Det var Klingen sin eigen lisens-faktura som gjekk opp i flammer i gårsdagens Facebook-protest som i skrivande stund har fått 1700 visningar.

Før han sette fyr på papiret passa ungdomspolitikaren på at han tok bilete av betalingsinformasjonen, noko han òg oppmodar andre til å gjere slik at dei ikkje får purregebyr.

– Me vil ikkje at folk skal kome i økonomiske vanskar basert på ei slik handling. Slik det er no kan ein ikkje få noko fritak. Så lenge det er faktum, må eg betala. Men me ynskjer endring, seier Klingen.

Som forventa har protesten fått både positive og negative reaksjonar.

Frp og særleg FpU har lenge jobba mot NRK-lisensen. Seinast tysdag hadde Bodø FpU ein aksjon der dei stod med plakat og oppmoda bilistar til å tuta mot lisensen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE