– Ta fram den rettferdige harmen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom 8000–22000 born opplever alvorleg vald i heimen i løpet av eit år. Det er rekna at 13 prosent av alle born blir utsett for seksuelle overgrep, valdtekt eller alvorleg vald før ein fyller 13 år.

Statistikken er ikkje oppløftande: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

– Nokon seier at ein ikkje ser det før ein toler det. Ein blir ofte passiv og overvelda i møte med det triste og vanskelege. Eg håpar fleire vil ta fram den rettferdige harmen, sa den tidlegare SV-nestleiaren og barneministeren Inga Marte Thorkildsen då ho opna Samtidsdagane på Høgskolen Stord/Haugesund tysdag føremiddag.

I fjor kom ho med boka «Du ser det ikkje før du tror det». No er ho byråd for eldre, helse og sosiale tenester i Oslo, og har sett overgrep og vald mot barn øvst på dagsorden.

– Skal de jobba med born, så er det dykkar plikt i å ta tak i dette. Det er viktig at de ikkje berre tenkjer tiltak, men tar fram profesjonsetikken. Det er mykje eldsjelarbeid, sa Thorkildsen til kommande lærarar, sjukepleiarar og barnehagelærarar.

LES OGSÅ: – Overgriparen skulle ikkje få skade fleire

Vil gjera det populært
– Min draum er at vald og overgrep skal bli like populært å førebyggja som svineinfluensa, sa Ada Sofie Austegard, forfattar og leiar for Stine Sofie Stiftelsen.

– Eg trur det er for enkelt å skulda på politikarane. Ein ser at det kjem meir og meir midlar. Det det handlar om er enkeltpersonane. Det gjeld for einkvar lærarar, einkvar barnehagelærar og einkvar helsestasjon. Det handlar om det lokale politikontoret. Snakkar dei berre om bruk av refleks til ungane, eller bruker dei òg tid på å snakka om vald og overgrep? legg ho til.

Ho meiner det er viktig for kommunane å setja dette på dagsordenen.

LES OGSÅ: – Barn får munnkorg om overgrep

Barnehagelærarstudentane Victoria Kristiansen, Iselin Larsen og Linn Helen Paulsen synest det var inspirerande og viktig å delta på Samtidsdagane.

– Må opna augo
Barnehagelærarstudentane Victoria Kristiansen, Iselin Larsen og Linn Helen Paulsen var nokre av dei over 1000 publikummarane på Samtidsdagane. Dei synest det er inspirerande å høyra på.

– Det er litt mektig, men det er eit viktig tema og viktig at me opnar augo, seier Iselin Larsen til Framtida.no.

På skulen har dei allereie tatt opp omsorgssvikt og risikosituasjonar, og korleis ein kan sjå etter om det er noko med åtferda til ungar som kan tyda på at noko gale.

LES OGSÅ: Vil avskamme seksuelle overgrep

Rekordinteresse
Aldri før har det vore så stor interesse for Samtidsdagane tidlegare.

– For første gong har me vore nøydde til å seia nei til større grupper, fortel programansvarleg Alf Aronsen til Framtida.no.

Stord-ordførar Harry Herstad sa under opninga at temaet for Samtidsdagane er så viktig at alle folkevalde i Sunnhordland burde ha prioritert å koma.

Onsdag er det fokus på flyktningkrisa i Europa og kva den gjer med oss. I tillegg kjem mellom anna Ap-nestleiar Trond Giske for å snakka om boka si La læraren være lærer.