Daniel får pris for dialekta

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 17.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Daniel Kvammen får prestisjepris

Daniel Kvammen vinn Dialektprisen for 2015, som vert overrekt på Det Norske Teateret i dag.

LES OGSÅ: Hallingdal noir

– Daniel Kvammen syng på Geilo-dialekta si, og er soleis ein framifrå representant for dialektene frå Hallingdalen. Dette er dialekter vi sjeldan får høyre i media. Som ein av dei mest populære og framgangsrike popartistane i Noreg i dag, har Kvammen gjort dialekta tilgjengeleg for mange unge som kanskje ikkje har hatt eit spesielt forhold til ho frå før, seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, i ei pressemelding.

Målungdommen skriv at dialektmangfaldet på Austlandet er under sterkt press i dag.

– Hallingdalen er ikkje noko unntak. Kvammen er med på å styrke Hallingdal-dialektene heime i Hallingdalen, og dette kjem den einskilde dialektbrukaren til gode. Det å få sjå og høyre sitt eige mål i andre samanhengar enn den lokale, er ofte det som gjer oss stolte, ifælgje Sætre.

LES OGSÅ: Kvammen: Vil ha nynorsk i skulen

Høyr Daniel Kvammen her:

Faktaboks

Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi Therese Johaug, Linda Eide og Tønes.