Auka i talet på flyktningar i sommar og i haust, vil stille krav til norske lokalsamfunn for å integrere asylsøkjarar og andre innvandrarar.

Forskar Anton Steen løftar fram frykt for mangfald som ei av største hindringane for god integrering i Noreg. Steen er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, med integrering- og innvandringspolitikk blant sine felt.

Sjå leiaren i Røde Kors Ungdom sine enkle tips til korleis du kan bidra til god integrering.

Må ikkje forveksle integrering og assimilering
– Den største hindringa mot god integrering er at politikarar og store delar av befolkinga tenkjer på integrering som å verte norsk. God integrering er å akseptere mangfald, samt å sikre at alle har dei same individuelle rettane, skriv Steen i ein epost til Framtida.no.

– Integrering tek tid og må ikkje verte forveksla med assimilering. Noreg vil forbli eit fleirkulturelt samfunn framover, som må sjå moglegheitene i mange ulike kulturbakgrunnar. Forventingar til kva som er «god integrering» må ta med at innvandrarar er svært ulike, både kulturelt og individuelt. Forventinga om at alle skal bli «norske» (kva no det måtte vere), må ein berre leggje på hylla saman med andre fantasiprodukt, meiner Steen.

LES OGSÅ: Integrering via fotball

God integrering
Anniken Hagelund er førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO, og forskar også på innvandring- og integreringspolitikk. Ifølgje Hagelund, dreier god integrering seg om rettar og deltaking.

– God integrering dreier seg om rettar og deltaking. Rett til utdanning og arbeid er fundamentalt, samt å delta i samfunnet lokalt. Dette kviler på flyktningane, men også på majoriteten som må vere i stand til å inkludere og respektere skilnader.

Anton Steen løftar fram Drammen og Oslo, som med vekt på det fleirkulturelle ser ut til å ha ført til ei god tilpassing mellom minoritet og majoritet.

– Kan du gje døme på vellukka og ikkje vellukka tiltak i Noreg?

– Vellukka integrering kan ein sjå i utdanninga, særleg for jenter i høgare utdanning med innvandrarbakgrunn. Dei greier seg meget bra. Det går ikkje fullt så bra med gutane. Drop-out frå skulen er eit problem, men det er ikkje sikkert det er gutane det er noko feil med. Skulesystemet kan vere rigid og bli ei hindring for integrering, skriv han.

Steen meiner mykje vert gjort riktig i norsk integreringspolitikk, men ser også nokre uheldige tendensar.

– Tendensen til å byggje inn for høge krav til eksempelvis språk, vil verke ekskluderande. Språk på «innfødt nivå» kan berre svært få lære over eit par åt på skulebenken. Språk er noko ein tileignar seg i arbeid og sosiale samanhengar over mange år. Dessutan: føresetnaden for å lære språk er høgst individuell, men dei «gebrokne» skal også verte inkludert, skriv han.

– Tenk deg, dersom du var flyktning frå Noreg til eit arabisk land, kunne du lære arabisk på to-tre år?

LES OGSÅ: – Dette må vere den beste måten å integrere på

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE