Lyst å engasjere deg, men veit ikkje korleis? Her er fire tips frå Espen Breivik i Røde Kors Ungdom. 

1. Ikkje tenk for komplisert – berre ta kontakt

Mange snakkar om integrering som noko veldig vanskeleg og komplisert, men det kan vere så enkelt som å vere ein god nabo. Mange unge flyktningar kjem åleine, og eg trur mange hadde blitt glade om nokon berre tek kontakt – i trappeoppgangen, på butikken, eller ved å stikke innom heime eller på asylmottak.

LES OGSÅ: – Dette må vera den beste måten å integrera på

2. Sett deg inn i andre sin ståstad
Ta deg tid til å setje deg inn i andre sin situasjon. Vi ser mykje fordommar og kvardagsrasisme no, grunna den auka innvandringa. Brukar ein tid på å kunnskap om andre sin ståstad, trur eg at ein vil erfare at folk kan vere mykje likare den sjølv enn ein først får inntrykk av.

LES OGSÅ: Integrering via fotballen

3. Bli frivillig
Mange organisasjonar, som Røde Kors Ungdom har aktivitet med integrering og inkludering som føremål. Hos oss kan du eksempelvis bli flyktningkompis, lære vekk norsk, og mange andre ting.

LES OGSÅ: «Ein etnisk norsk vil kanskje svara at vi ikkje har rasisme i Noreg»

4. Sjå på flyktningar som ein ressurs
Inviter unge flyktningar med som ressurspersonar. Eg ser mange eksempel på unge som har blitt godt integrering, fordi nokon har spurt dei om å bli frivillig, arrangere loppemarknad med skulekorpset, vere med på dugnad, for eksempel. Det går an å invitere med dei som er på asylmottak. Det er typisk å tenke at ein må gi og at vi skal hjelpe, men mi erfaring er at ein kan også få mykje igjen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE