«Jag vill leva jag vill dö i Norden»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange er så opptekne av nasjonen, nasjonalstaten og at dei er norske at det nesten står fram som kunstig eller tillært. Vi kan kanskje finne meir respekt og tolsemd utanfor dei typiske nasjonalstatane.

Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island, i tillegg til dei sjølvstyrte øyene, utgjer saman Norden. Vi er sjølvsagd ulike frå kvarandre, men det er mykje likskap i tillegg. Akkurat det same ser vi mellom vestlendingar og austlendingar. Både Tyskland og Italia er båe døme på land som vart samla av fleire ulike regionar, som tidlegare var konge- og fyrstedømer. Det var sjølvsagd mykje likskap mellom regionane, av di dette er turvande for å kunne fungere godt saman. Norden har mange likskapar, og har delvis vore samla gjennom mange hundre år tidlegare.

Forstår du islandsk? Ta testen her!

Alle dei nordiske landa har relativt stor økonomi, samla høg velstand og mykje næringsverksemd. Dei ulike landa og regionane har fleire satsingsområder og spesialfelt. Ein samla nordisk økonomi, med sams valuta, kunne vore både stor og stabil. Han hadde hatt fleire bein å stå på, så Bambi på isen er det ikkje tale om, jamvel i internasjonal samanheng. Næringslivet er ofte førande for utviklinga i samfunnet, og vi ser mange verksemder som arbeider i fleire nordiske land. Dette er særs positivt, og samfunnet kan fylgje næringslivet.

Språk er heilt vesentleg for kommunikasjon, og vi kan stort sett skjøne kvarandre rimeleg godt. Alle landa, og sjølvstyrte områda, med unnatak av Sverige og Danmark har fleire offisielle språk eller lærer skandinavisk som obligatorisk skulefag. Dette er sjølvsagd heilt avgjerande for at eit samarbeid kan fungere så godt. Meir kunnskap om andre nordiske språk burde vore på plass for lenge sidan. Når vi ser kor flinke dei fleste nynorskfolk er i bokmål kan vi berre tenkje oss kor språkkunnige vi kunne vore om vi hadde hatt meir med svensk og dansk å gjere.

LES OGSÅ: Drapstruga for å snakka svensk i Finland

Utdanning er verkeleg eit område det burde vore meir fokus på, særleg i eit nordisk perspektiv. Om ein vestlending reiser til Oslo burde det vore like naturleg å studere i København eller Stockholm i staden. Utveksling er vel og bra, men det bør utan tvil verte meir fokus på studiar i andre nordiske land utan særleg meirarbeid. Det bør rett og slett verte meir vanleg og naturleg.

Religion har mindre å seie i dei moderne, sekulariserte nordiske landa enn i mange andre land og samanlikna med tidlegare tider. Religionen er særleg viktig for kulturen, så det er grenser for kor lite ein kan meine at religionen har å seie, jamvel om språk kan verke meir splittande. Alle dei nordiske landa er protestantiske, og dette kan verke samlande.

Den nordiske mentaliteten er ganske lik, noko du merkar når du diskuterer med andre nordbuarar. I tillegg er det politisk likskap, og det ser ut som at vi har sams mål og arbeidsmoral. Dei historiske banda er òg klåre og sterke. Finland var svensk i lang tid, som øyane i Atlanterhavet var under norsk, og seinare under dansk styre. Noreg har vore både dansk og svensk. Kanskje er tida inne for at vi kan stå saman, utan at det skal vere ein ujamn maktbalanse, men eit moderne demokrati, til beste for innbyggjarane.

LES OGSÅ: Tidlegare finsk president får språkpris

Somme er kanskje redde for at det skal verte for stort om vi samlar Norden meir, men vi vil framleis vere små, samanlikna med mange andre land. Føremonen med å vere større er at regionane kan få meir makt, og at staten si rolle kan verte redusert. Vestlendingane, nordlendingane og austlendingane er ikkje heilt like dei heller, så samarbeid i nord, mellom Noreg, Sverige og Finland måtte vore mykje betre. Området vil verte større, men likare, og vil difor kunne få meir makt, og setje denne i verk på ein måte som høver betre i området. Kanskje er dette vel så bra som den tidvise kunstige nasjonalstaten? Saman er vi alltid sterkare.

Nokre gongar kan nasjonalstaten vere nyttig, særleg av di han verkar samlande, òg utanom krig og oppbygging. På den andre sida er det esla for å skape ei spenning mellom «oss» og «dei». Om vi skal få til samarbeid med andre er det vanskeleg med ei sterk nasjonalkjensle som set oss opp mot andre. Det er berre å sjå attende på kva som vart gjort med samane då den norske nasjonalstaten skulle oppstå. Dei passa ikkje inn i råme åt den norske nasjonen, og vart difor tvungne til å verte norske, noko som skulle koste dei både språk og kultur.

LES OGSÅ: Nordisk språkpris til Jakob Oftebro

Vegen framover er å satse på det gode samarbeidet som er i dag, og styrkje dette. Ungdomens Nordiske Råd er framtida i Norden, og er ein arena for framifrå nordisk samarbeid. Fleire bindande avtalar og fleire lovsamarbeid mellom landa kan føre til godt samarbeid i tida som kjem. Vi har så mykje å lære frå kvarandre og står så mykje sterkare saman at dette er eit høve vi bør nytte. Jag vill leva jag vill dö i ett samarbetande Norden.

Innlegget var først publisert på kulturbloggen til Sogn og Fjordane.

Faktaboks

 Dag Henrik er 21 år og kjem frå Florø. Han studerer for tida jus ved UiB og har eit engasjement for politikk og nynorsk.

KULTURBLOGG

Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?

I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg