«Handlar om å anerkjenne at kommunen er samisk»

Skånland har sett i gang prosessen mot å søkja seg inn i det samiske forvaltningsområdet, medan Evenes ventar på kommunesamanslåing. Sametingspolitikar oppmodar kommunane til å setja i gang.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samisk eller ikkje samisk?

– Mange kommunar seier det handlar om det økonomiske. Men det å gå inn i det samiske forvaltningsområdet handlar om ei anerkjenning av at det er eit samisk område, noko som kan sitja lenger inne hos nokon, seier Piera Heaika Muotka.

Den unge politikaren sit i Sametinget for Norske Samers Riksforbund (NRS).

Han gler seg over at det nye kommunestyret i Skånland (Skániid suohkan) i Troms har sett i gang arbeidet med å vurdera om dei vil søkja seg inn i det samiske forvaltningsområdet.

Han får støtte av Norsk Målungdom, som skriv følgjande i ei pressemelding:

«Me meiner at Skånland før har vore for bakpå med å vise at det finst både samisk og norsk i kommunen, og gler oss desto meir over at dei no vil take grep for å styrke samisk».

LES OGSÅ: Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Strid i Skånland
Om Skånland kommune skal vere ein del av det samiske forvaltningsområdet har vore eit stridsspørsmål i fleire år.

Seinast i fjor sa dåverande ordførar Einar Aune (H) til avisa Fremover at kommunen har valt å ikkje gå inn i det samiske forvaltningsområdet, mellom anna på grunn av kostnadane til brevark og logoar.

Etter kommunevalet kunne NRK melde at Arbeidarpartipolitikar Helene Berg Nilsen vart kommunens første kvinnelege ordførar.

Saman med SV og Rødt var ho raskt ute med å få på plass det som vart kalla «ein unik samisk avtale».

Dei byrja 2016 med å invitere Sametinget til eit informasjonsmøte om kva det vil seie å vere ein del av det samiske forvaltningsområdet.

LES OGSÅ: Snakk samisk t’ mæ

Sender ballen til Evenes
Muotka rosar Skånland for å ta seg god tid med prosessen, slik at det ikkje vert nokre misforståingar undervegs. No vonar han at nabokommunen Evenes følgjer deira gode eksempel.

Ordførar i Evenes Svein Erik Kristiansen (H) seier på telefon til Framtida at det «ikkje er heilt uaktuelt» for kommunen å søkja om å verte ein del av det samiske forvaltningsområdet.

Dei har tidlegare meldt si interesse om å vere ein del av eit prøveprosjekt for å verte innlemma gradvis i det samiske forvaltningsområdet.

– Men no er me midt i ein prosess der me vurderer framtidas kommunestruktur og utredar ulike alternativ. Eitt av alternativa er med Skånland, medan andre alternativ er med kommunar som ikkje har sterk samisk tilknyting. Sidan me er midt i ein prosess med endring a kommunestrukturen, kan me ikkje køyra i gang med denne prosessen no, forklarar Kristiansen.

LES OGSÅ: Samlaget vil ha samisk språkdugnad

Lovnad frå Sanner
– Det er ikkje slik at eit kommunestryre kan vedta om eit område er samisk eller ikkje. Det handlar om ei bekrefting av den samiske befolkninga og å sikre at rettane til samiske språkbrukarar vert styrka, noko som ikkje betyr at andre språkbrukarar sine rettigheitar svekkjast, understrekar Muotka.

Gjennom innlemminga i det samiske forvaltningsområdet gjev Sametinget kommunane økonomisk støtte til å styrka samisk språk og kultur.

Ifølgje NRK Sápmi åtvara sametingspresidenten i 2014 mot at kommunereforma kan gå ut over samars rettigheiter.

Same kanal meldte i fjor at kommunalminister Jan Tore Sanner lova at samisk ikkje skal koma dårlegare ut ved eventuelle samanslåingar.

Ministeren har mellom anna sett ned eit utval som skal greia ut dei korleis ein kan sikra samiske interesser i prosessen med kommunesamanslåing.

Språksnakk i kommunane
Evenes kommune jobbar no med fleire ulike alternativ til samanslåing:

  1. Skånland, Evenes, Tjeldsund (ETS)

  2. Harstad, Ibestad, Kvæfjord, Skånland, Evenes, Tjeldsund, Lødingen (Harstad-alternativet)

  3. Narvik, Balangen, Tysfjord, Evenes (Ofoten)

  4. Evenes og Narvik

Ordførar Kristiansen stolar på at kommunane tek språkpolitiske omsyn i arbeidet med kommunereforma, og fortel at dei i arbeidet med ei eventuell samanslåing med Skånland og Tjeldsund har gått inn for å sjå på om den nye kommunen skal gå inn i det samiske forvaltningsområdet.

Ifølgje ordføraren er det ikkje nokre alternativ som i dag er meir sannsynlege enn andre.

Kommunane i Ofoten har sterk samisk tilknyting, medan samisk ikkje er eit tema i Harstad-alternativet.

Muotka tykkjer ikkje arbeidet med ny kommunestruktur er eit godt argument for at Evenes ikkje vil søka seg inn i det samiske forvaltningsområdet, tvert imot.

– Alle alternativa for kommunesamanslåing som Evenes no jobbar med har både samiske innbyggjarar og ei historisk samisk tilknyting. Det er ikkje slik at til dømes Narvik er noko meir eller mindre samisk enn Skånland. 

Men ikkje alle dei samiske kommunane i området har same samiske språk. Medan Evenes har mange innbyggjarar som snakkar nordsamisk, er Tysfjord hovudsete for lulesamisk.

–  Det er ei openbar utfordring og korleis ein skal løyse det har eg ikkje noko svar på. Likevel meiner eg at det at ein kommune er ein del av det samiske forvaltningsområdet ikkje bør hindra samanslåing, seier Kristiansen, som trur at samanslåing med kommunar i det samiske forvaltningsområdet kan ha ein positiv effekt på dei andre kommunane.