Finnmark har flest røykarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finnmark ligg godt over landsgjennomsnittet for sigarettbruk. To av ti røykte dagleg i fjor – samanlikna med 13 prosent på landsbasis, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

LES OGSÅ: Trur ikkje på å nekte unge vaksne røyk

Gamle røykar mest
Dei siste ti åra har ein sett ei markert endring i tobakkssvanane her i landet.

Unge sluttar å røyke eller dei begynner aldri.

I alle fylke er det dei eldste som røyker mest, og i gruppa over 55 år, røyker éin av fem dagleg.

Unntaket er Finnmark og Telemark, der unge røyker mest.

Det er også mange røykarar i fylka Østfold, Hedmark, Telemark og Rogaland. Færrast daglegrøykarar finn vi i Sør-Trøndelag, med 11 prosent.

LES OGSÅ: Snus – godt for folkehelsa?

Stumpar røyken
Totalt sett brukte 31 prosent av nordmenn tobakk i fjor. Røyk eller snus, enten kvar dag eller innimellom. For den vaksne befolkninga samla har det vore ei halvering i daglegrøykinga sidan 2005. (©NPK)