Gründer frå sofakroken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka  var først publisert i Møre-Nytt.

– Her kan folk gå inn og få den informasjonen dei treng på ein ryddig og oversiktleg måte, seier Simon Dagfinrud og klikkar på lenkja som får opp kartet over traséane ved Ørsta skisenter.

Opningstider, tilhøva i bakkane og webkamera er også presentert på lekkert vis.

Simon er mannen bak den nye sida, som vart lansert denne veka. Allereie då han gjekk andre året på Volda vidaregåande skule, starta han Cape Branding saman med kameratane Olav Standal Tangen og Stephan Ervik. Bedrifta leverer det meste innan foto, webutvikling og grafisk design.

LES OGSÅ: Vil ha offentleg gründer-fond

Jobbar kvar som helst
No har dei halde på i snart to år, og Simon klagar ikkje.

– Det har gått veldig bra. Oppdraga kjem stort seg av seg sjølv, og bedrifta tenar pengar. Det er ein fordel at vi driv i det små, og har låge utgifter.

No for tida er Standal Tangen i militæret, medan Ervik studerer. Dermed må Simon ta mykje av jobben sjølv.

– Men det går fint, seier den unge gründeren.

Kontor med dyre designarmøblar finst her ikkje. Simon jobbar kvar som helst, anten det er frå sofakroken heime, eller ute på kafé.

Ideen om å starte eiga bedrift sprang ut frå dei tre karane si felles interesse for faget. Det meste av kunnskapen har Simon tileigna seg heime på guterommet.

– Eg har jo ikkje noko formell utdanning, bortsett frå vidaregåande. Men eg trur kundane er meir opptekne av produktet vi leverer enn kor mange bachelorgrader vi har. Og ut ifrå tilbakemeldingane frå kundane meiner eg vi leverer gode produkt, særleg med tanke på at vi tek ein lågare pris enn dei fleste andre byråa, seier han.

LES OGSÅ: Vil servera nordmenn insekt

Nynorsk
Sjølv om namnet til bedrifta, Cape Branding, gir anglofile assosiasjonar, profilerer dei seg på nynorsk:

«Cape er eit ungt byrå basert i hjartet av Sunnmørsalpane», heiter det i presentasjonen på nettstaden deira.

– Det er mykje engelsk og bokmål i reklamebransjen, og nokre meiner kanskje at nynorsk er eit dårleg marknadsføringsspråk, men mange av kundane våre brukar også nynorsk. Det ville vore pompøst å marknadsføre seg på engelsk når kundane våre snakkar Ørsta-dialekt. Eg trur eit godt og korrekt nynorsk gir eit godt inntrykk for potensielle kundar, seier Simon.

LES OGSÅ: Lagar plastikk av bananskal

– Mange dårlege nettsider
Kundane til Cape Branding kjem i hovudsak frå Ørsta og Volda, men også frå til dømes Ålesund og Ulsteinvik.

Dei to siste oppdrag har vore allereie nemnde Ørsta skisenter og underhaldningsbedrifta Ryste Entertainment, eller Klypa, som dei fleste kjenner henne som. No jobbar Simen med å lage eit nasjonalt magasin for Røde Kors Ungdom.

– Det blir eit papirmagasin, så vi jobbar ikkje berre på nett. Vi tek vel på oss det meste innan grafisk design, seier Simon. Førebels har kundane kome av seg sjølv, og oppdraga kjem som oftast ikkje åleine.

– I periodar får eg svært mykje å gjere. Då går det i eitt. I andre periodar er det rolegare, og då nyttar eg høvet til å skaffe meg ny kunnskap.

20-åringen tvilar ikkje på at det vil kome nye oppdrag i tida framover.

– Det er mange bedrifter som har dårlege nettsider, så det er nok oppdrag der ute. Og når vi har kome rundt til alle bedriftene, er sikkert nettsidene vi har utvikla utdaterte, seier Simon Dagfinrud og flirer.