Fryktar for elevdemokratiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

19. januar møtest hovudutvalet for utdanningssektoren i Buskerud fylkeskommune. Utvalet skal behandle forslag om innsparing på 24,4 millionar kroner. Mellom anna er det foreslått å kutte 50.000 kroner i driftsstøtte til Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen: Ingen fylke har nok helsesystrer

Skeptiske
– Ved å gjere dette kuttar dei livsgrunnlaget for elevdemokratiet. Elevorganisasjonen er den einaste organisasjonen som står fritt og frontar elevanes politikk på fylkesnivå, seier Vilde Rød Knudsen, nestleiar i Elevorganisasjonen i Buskerud, og Pernille Landrø, elevrådsleiar ved Gol vidaregåande skule.

Dei reagerer på at fylkeskommunen ikkje grunngjev kutt i støtta og meiner det er snakk om sparing for sparings skuld.

– Dei som støttar kuttet er mot Elevorganisasjonen, seier dei.

LES OGSÅ: Vil ha psykologane inn i skulen

Mindre vidareutdanning
Gjennom ein ny avtale med den pedagogisk-psykologisk tenesta og oppfølgingstenesta i Numedal og Kongsberg vil også fylkeskommunen spare 623.000 kroner i løpet av året.

Fylkeskommunen foreslår vidare å spare 4 millionar i 2016 på vidareutdanning for lærarar. Det står i sterk kontrast til det regjeringa i 2015 kalla ei historisk satsing på nettopp vidareutdanning. I fjor vart 1500 nye studieplassar oppretta, og det var snakk om at meir enn 5000 lærarar skulle få spisse kunnskapane sine ytterlegare.

LES OGSÅ: Rekordmange lærarar har søkt etterutdanning